milliardar av menneske imellom
Det finnest milliardar av menneske. Mellom alle desse lev eg. Og du òg, for den saks skuld. Og alle andre. Dette er kjempebanalt, sjølvsagt. Men ganske fantastisk underleg òg, i grunnen. For trass i dette enorme talet på menneske spreidd ut over den ganske store kloden, trass i enorme forskjellar i levestandar er det noko som på eit eller anna vis gjer oss like. Vi treng å uttrykke oss, å prate med andre. Og milliarderavmenneskeimellom så er det nett det eg skal gjere her.
Her ønsker eg å dele meir drøftande og sakprosaiske tekstar; tekstar eg vonar likevel skal vere spanande, personlege og lesverdige. Men der Grapecityjuice bloggen er sette saman av meir fragmentariske tekstbroker, ønsker eg at Milliardar av menneske imellom skal vere hakket meir utfyllande, og diskuterande.


desse har kviskra