om skriblaren
Hei! Eg heitar Kristina. Eg er to og tjue år og held på å ta master i ålmenn litteraturvitskap. Hausten 2011 kjem mi første bok ut på Samlaget, og du kan lese om ho her. Eg er engasjert og interessert i det meste, og utruleg glad i å skrive, både poesi og prosa.
Eg har to bloggar. Poesibloggen grapecityjuice og synsebloggen milliardaravmenneskeimellom. Begge er full av ord. Ord om mitt eige liv, om samfunn, musikk, litteratur og kultur generelt. Forskjellen på dei to bloggane er stort sett korleis tekstene er skrivne; på grapecityjuice er det stort sett dikt og kortprosa medan det på milliardaravmenneskeimellom er lengre drøftande tekstar.
Sist men ikkje minst så er eg veldig glad i kommentarar. så kviskr gjerne nokre ord til meg. Og er det noko du lurar på er det berre å sende meg eit e-brev til adressa kristina.leganger.iversen krøllalfa gmail.com


Hei!
Eg las om deg og boka di på Framtida.no, og fann dermed også fram til bloggen din. Eg vart så inspirert av deg, at eg har starta min eigen blogg med mine dikt.
Eg ville berre sei takk
Gler meg til boka di kjem ut!
Klem frå Mailin
Hei Malin,
så fantastisk fin kommentar! Det er eg som skal takke. Så kjekt at du vart inspirert!
Eg gler meg til å gå inn på bloggen din og lese dikta dine.
Ha ein fin kveld vidare, og stor klem attende!