Arkiv | videoar RSS feed for this section

wave – hei virgina

10 Jun

hei virginia, eg ville sett deg
om eg kunne bite deg i lippene
stirre ut i lufta, ventande
på ord eller ville eg sett deg
i bestemt gange mot biblioteket eller
bøygd over bøkene, når du
borte i andre tanker dyppar pennen i pennehuset
om eg kunne få følgje deg
om eg fekk sjå andletet ditt
spegelbilete frå vindauget
tankane springane over augelokka
kunne eg då sjå
inn i dine verder, om eg berre kunne sjå
andletet ditt klart
stirrande ut i lufta
borte frå skugga
av dine ord

om tru og tvil

15 Sep

i går var eg på møte og fekk høyre kva alle dei tre fine folka hadde tenkt om manuset, og det var mykje lurt og fint, og eg fekk med meg heim to diktsamlingar til å ha, og ein punktroman til å låne, og eg har berre lyst til å forsvinne inn under eit ullteppe med desse, lese dei, drikke te eller kakao, sjå ut

kanskje ta ein tur i parken, eller i skogen, finne litt sopp, samle litt tørre blader, kjenner sola på nasen og regnet på augnelokka, kome attende, lese, under teppe, drikke te, kaffi, kakao, forsvinne litt

om dagane et eg nesten berre wasa havre, utan noko på, for det er som om eg aldri klarar å avgjerde kva eg vil ha, kva eg vil ete, og at alt kjennest litt framandt og rart ned i halsen, og eg blir uvel, og derfor blir det berre havre, berre wasa havre, som er knasande og sprøtt og som gjer ein god og mett i magen

eg har skjønt at det er tvilen som gjer meg uvel, tvilen og redselen, for det kan vere skummelt å skrive, skummelt å vise, skummelt å få attendemelding, skummelt å måtte stryke, endre, skrive på ny, stryke

og det kjennest som heile boka, og trua på boka, er som ein einaste bilulukke som stadig skjer igjen

alt må knusast og limast saman igjen, knusast og limast saman igjen

for av og til er det berre som om ein må lengre inn, lengre ned og eg ser føre meg at eg er ein fridykkar, og at ein plass nedi djupet finnest det ein fantastisk hole, og til den hola skal eg ned, eg berre må ned, eg skal det

men klarar eg det, klarar eg å trekke pusten, symje stødig ned, held det, er det nok oksygen, har eg nok krefter, har eg nok vilje, vilje til å halde fram, og når eg kjem der, når eg når det, om eg når det

vil eg bli nøgd
vil det vere verd det
vil det vere verd alt

-

og når eg tenkjer på det tenkjer eg på paul, når paul i sesong to av in treatment vil slutte som terapeut fordi han ikkje trur det han gjer lengre er bra, eller kanskje ikkje trur det nokon gong har vore det, då seier gina til han, tenk på det ei veke, lat som om det du gjer er bra

og det gjer han og det gjer eg no, eg latar som om all skrivinga er til det betre, eg latar som eg trur eg vil kome fram

så vonar eg at eg har rett
kanskje til og med trur eg det

papirtynn

7 Sep

det er dagar der vi ser på kvarandre
ser vi berre er millimeter tykke
nå huda held på å sprekke
ved eit kvart frampressa smil

og vi må halde avstand frå kvarandre
for ikkje å krøllast saman

begge tapar og begge vinner
papir mot papir

Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.

Join 513 other followers