Arkiv | Uncategorized RSS feed for this section

THE BLONDES! :D

2 Mar

Eg har fått nye favorittdesignare: The Blondes! Fy, så fantastisk, fargerikt, fantasifullt og fandenivoldskt! Åh, ja! Dei er så overdådige, som berre gammel Galliano for Dior kunne vere. Her er nokre bilete frå vår/sumarkolleksjonen deira:

Dette biletet er nytta som framside for heile kolleksjonen. Det er så rosa, så fantastisk, rett og slett for overdådig, for mykje, humoristisk, ironisk. Kvinneleg som berre ein mann kunne lage det.

Her er nok eit bilete som visar noko av det same: Ei kjole laga som var ho av gåvetråd. Det er så enkelt, så utruleg fantasifult og så overdådig. Det er så chic, det er så overskridande på same tid. Det er smart, ironisk, hept og moro.

Her ei ein av mine favorittar frå denne kolleksjonen: Denne enkle men akk så utruleg fine kjola. På ein eller annan måte klarar The Blonds alltid å unngå at det blir for mykje. Det er ikkje overlessa, det er berre så uendeleg elegant. Dei lagar klede som er fulle av VIDD. Ja, du leste riktig. Det er så gatesmart, så bare det at. Denne kjola er provet. Enkel, nydeleg, elegant. Kven trenger smykke når ein kan gå med sånt?

FAB, FAB, FAB!

Dear Darkness (gjendikta)

16 Jan

gode mørkre
kjære kom
kom kringom meg
igjen

kjære mørkre, gode
eg har så lenge
så lenge har eg vore
din ven

så gjer dette for meg
kjærast mørkre kom
å kom kringom kom
kringom meg
igjen

stel meg frå sola
for orda dei strammar
orda dei strammar stramt
kringom halsen

rundt halsen hans, å, høgt elska
strammar dei, strammar dei
rundt halsen hans, å høgt elska
strammar dei, strammar dei

Grow, Grow, Grow (gjendikting)

15 Jan

Eg sådde eit frø under eika. Eg trampa det ned i jorda, med støvlene
trampa eg det ned i jorda, så

veks veks veks

Eg sådde ei rose i eikeskogen. Med støvlene trampa eg ho ned i jorda
trampa eg ho ned, med støvlene, så

veks! veks! veks!

Å, lær meg

Lær meg mor, å mor
å vakse. Å mor
lær meg korleis eg
kan finne meg
ein bjart mann, i
mørke, i skogen

Lær meg å vakse med han, mor

Å mor

skjortene til farfar

11 Jan

farfar er ikkje daud enno
han er berre blitt så mykje mindre

flanell
mjukt mot kroppen

han smiler seier
i den bygde eg garasjen til far din

det luktar sterke armar
det luktar eg kan sette verda saman

farfar er ikkje daud enno
men vi veit det ikkje er lenge til

han byggar på biletet
byggar far mi, byggar meg

arvo og josé kjem tilbake

17 Dec

i vår skreiv eg ein masse dikt mellom desse to unge mennene. no er dei attende igjen. det er spanande å oppleve.

-

du finnest der under dei store kleda
under den brune skatehuda
og arra, arvo
nyttar ikkje knevernarar
albogevernarar, hjelm du
vernar ikkje om meg du
spyttar meg i skrittet
tvinger
meg mot

lakena

denne mjuke kroppen
du er så hard

held meg fast
seier ver ikkje redd, bitch
i gots u

oppskrapne handflater
er du arvo
du og eg

ungdom om prostitusjon

17 Dec

her er eit klipp frå BTV, der fire unge pratar om prostitusjon. alle som er unge veit at det stort sett ikkje er tilfeldig kven som vert intervjua og at det ofte gjerne er folk som har gjort seg opp ein slags meining om temaet, som bryr seg og engasjerer seg. det er likevel spanande å sjå haldningane til unge i dag omkring dette emnet.

http://www.bt.no/webtv/?id=14564

repetisjon

15 Dec

du ligger på det kvite golvet
blikket ditt kvitt
huda di blålig

eg kjem attende får å sjå deg

bankar på

brystkassa
mot
øyret

kanskje i morgon du kanskje
i morgon du, kanskje du i

bankar på

brystkassa mot øyret, kanskje

Det ER jul. Pt. sosialrealistisk jul.

8 Dec

Etter å ha sett at dei forrige videoane mine faktisk berre var nostalgiske, gamle amerikanske drops, tenkte eg det kanskje kunne vere spanande å få litt fleire perspektiv på jul og julemusikk. No som er trass alt er ferdig med mappeinnlevering i LIT1301 har eg jo tid til det som verkeleg tydar noko, som å hente fram julesonger med videoar frå youtube til dykk.

Åttitalet står av og til for meg som eit forsvunne paradis. Og kva kan vel då vere betre enn nokre skikkelege åttitalsjulesonger? Sjekk ut denne godbiten. Videoen gjer det faktisk berre bedre. Alle andre artistsamlesonger kan gå å legge seg. Men gjett kva? Det forrandra ikkje verda den gongen heller. Men moro er det. Og dei prøvde jo, og det er sånn ein gladsang.

Ein meir grotesk video kjem får John Lennom. Sjølvsagt er det John Lennom, mannen som kanskje skriv dei mest nitriste sangane som finnest. Eg veit ikkje om det er han som har ansvaret for videoen som er lagt til, men eg trur den kan fungere godt som ein slags medisin mot overdrive kjøpelyst. Og muligens godstemninga òg. Men den kan du jo fikse igjen med å gje ei geit! http://www.gaversomforandrerverden.no/home/default.aspx

Eg kjem attende med fleire julesonger. På eit seinare tidspunkt. Ver de trygg. :)

4 Okt

regnet i kveld fekk meg til å kjenne meg meir heime i moskva enn hev gjort før. gleb og dasha òg. dei er så søte. og dei fekk oss til å love å vere med dei på konsert på laurdag. vi måååtte loooove, smil.

john derimot var ganske provoserande. han søøt som berre det av di eg måtte heim. vi hev russiskpresentasjon i morgon, og eg må gå heime frå klokka åtte. buhuuuuhu, sa han, kvar gong det byrjar å bli moro må du heim, stakkars meg, eg får aldri slått ut håret, skjønner du kor frustrerande det er , buuuhu, du er aldri med på noko osb. sorry john, ikkje i kveld.

og han er uansett berre interessert i nokon slik at han kan sjekke opp nokre andre. og på min fyrste stormfylte, regnvåte, tunge mørke moskvakveld er eg faktisk ikkje interessert i å gå på sjekkern med john. det er grenser for kor lenge du gidd å høyre på han og korleis sola sirklar rundt han, men å sjå han utsette andre for det, bah, nei takk du, ikkje i kveld.

men konsert med gleb, dasha og alisha på laurdag. det vert kos trur eg. dei er søte.

Dagene

4 Okt

Sakte men sikkert vert du slitt ned, som dei gamle marmortrappene ned etasjene på sundthuset du så vidt kan erindre; kvar dag står du tre timer på buss, står tre timer på metro; står og går dette er det du gjer; gå til busstoppet; stå på busstoppet; gå på bussen; stå på bussen; gå av bussen; gå inn på metrostajonen; vente på toget; gå på toget; stå og gå, stå og gå; du byttar ved to stasjonar, går saman med åtte millionar andre mennesker rundt om kring i dei små gangane under jorda, på steingolvet, fram og tilbake, stå og gå; det er ikkje berre ein slåande likskap, det er eit faktum, de er maur; det er ingen forskjell

systemet er laga for å utnytte dykk, for å tære på dykk, for å slite dykk ut; systemet lærer dykk to ting; slite og konsumere, slite og konsumere, slite og konsumere; det vert repetert til det hev søkkje inn i undermedvitet og er akseptert det er dette du skal; gå og stå, slite og konsumere tre timar kvar dag på metro og buss under og i byen for å kome til arbeidet ditt; du skal slite; der skal du vere i ti timar for å tjene tilsvarande 100 norske kronar; desse skal du bruke på alle dei tinga som omgjer deg som ikkje er godt for deg; sukker, feitt og alkohol; dette er det du finn nærast kassen i alle butikkar; sukker, feitt og alkohol; foran vindauga i alle kioskane; sukker, feitt og alkohol; på reklame plakatar over byen under byen på teven og på pcen din; sukker, feit og alkohol; dette er det dei stablar foran deg; sukker, feitt og alkohol; dette er det styresmaktane brukar milliardar for at du skal konsumere;

du er sliten, du et, du eser ut; alt vert meir slit og uansett kor mykje du et får du aldri den energia du trenger; energia til å gå og stå; slite og konsumere; du kjøper ein sjokolade, ein cola, ein burgar, ein softis, ein øl, ein flaske vodka; det kostar så lite det kostar ingenting; slite og konsumere; det kostar alt du tener; du eser ut; du vert feit, tung; du får vondt under beina etter all ståinga og gåinga; gnagsår mellom låra og overarmane og brystet; gnikking, ståing, gåing; når du kjem heim frå jobb etter 10 timar er du sliten, du hentar deg noko frå kjøkenskapet; sett det i mikro-ovnen; å lage nok sjølv er ikkje eit alternativ; råvarar stress; PLING, det er ferdig; du er ferdig; sett deg i sofaen slår på teven;pene mennesker fortel deg om alle dei tinga du burde ha kjøpt slik at nett DITT LIV hadde vore FANTASTISK..!

Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.

Join 513 other followers