Arkiv | ståa RSS feed for this section

i språket held eg hendene

28 Jan

eg strekker meg mot deg
i hendene held eg orda
rekker dei til deg
som mogne fruktar
bær du kan ta
inn i din munn mellom tennene
som du kan knuse mellom lippene
og dei skal vere søte og sure
vere mjuke og sprø
orda mine ville gje
deg alt dei kunne
for å leve

eg rekker hendene mot deg
seier dette er alt eg har å gje
eg ser deg i auga
eg ser deg i andlete
strekker hendene mot deg

eg seier eg er dette språket
eg er desse orda
utan alt dette
finnest eg ikkje

vitjing i den norske folkeheimen

10 Sep

dette er tertnes igjen
i går var det idol og eg såg ein
frå rolland, ein
som alltid hadde vore lillebroren til ein
i klassen, storebroren
ein skikkeleg tøffing, lillebroren
ein sånn søt stille lillebror

og no var han stor og på teve
og i kveld er det skal vi danse

skal vi danse
skal vi danse
skal vi det

og lillepus har kanskje fått slag eller hjernesvulst
eller alzheimers
for han spring berre rundt i skogen
kjenner ikkje att nokon
gløymer å ete

og han gløymer jo aldri å ete

men det er kanskje ikkje det verste
å springe forvirra rundt i skogen
på jakt
å springe i skogen springe
å verkeleg springe

åh lillepus skal du verkeleg springe
heilt bort frå oss no

løyndom

9 Jul

eg skriv heilt håplause ting
men eg veit ikkje om dei er håplause på den
håplaust gode eller den håplaust dårlege måten
eller den håplaust likegyldige måten
men det er eigentleg ikkje så viktig
men eg skriv fordi eg må skrive
fordi det ikkje kjennest håplaust
men eg held det hemmeleg ein stund
fordi eg ikkje heilt veit korleis ting heng saman

men eg skriv altså
eg skriv om tertnes sumaren 2011
om å passe ein katt
og uføretrygda naboar
om å ha hans-georg
og sannheten og metoden
på stovebordet
eit tomt fat
eit tomt glas

og sjukt mykje beck på teve

sumarblogg!

30 Mai

det skal bli sumar, eg har inkje planar, og eg er ferdig no, ferdig med to eksamenar, ferdig med boka og med å vere redaktør for to nummer av litteraturtidsskriftet lasso, og då har eg lyst å kome attende til bloggen, eg vil bloggen igjen, eg vil skrive fritt og med heile hugen alt det som ein ikkje kan skrive andre stadar, i bøker, blad og i oppgåver, alt det som ikkje er ferdig og aldri treng å bli det, ord som berre kjem ut i stadig tilbliving, ord som berre startar og held fram men som aldri, aldri treng å kome i mål, denne sumaren skal nemlig ikkje handle om å kome i mål, om å bli ferdig, men heller om å vere i orda, la dei starte, finne på nytt

eg vil vere i ein byrjing som aldri treng å slutte, og der er her eg vil at det skal skje, og kanskje, kanskje er det nokon andre der ute som kan tenkje seg å lese, å kommentere, å vere med

-

målet mitt er å blogge minst to gongar i veka, sumaren igjennom. kaste seg frå byrjing til byrjing. trur du eg kjem til å klare det?

dette er livet no

29 Nov

… eg høyrer på denne spelelista som sjelfull eller fred sendte meg på e-post for eit par netter sidan. det er nydeleg å få andre sine spelelister, å få sjå inn i den fine musikken andre er glad i. nett no høyrer eg på joga av bjørk, som er ein av mine eigne yndlingsongar

… eg skriv eksamen, heimeeksamen, i faget “women writing, feminist fiction in english”, eg skriv om kropp, identitet, kjønnsroller og makt i dei fantastiske romane som er på pensum, Beloved, July’s People og Daughters of the North , for å berre nemne eit par favorittar, eg drikk kaffi og ser det snø ute, og seinare i kveld skal k kome ned og vi skal lese over saman og diskutere, kanskje skal eg servere suppe, og det heimebakte brødet eg bakte i dag tidleg før oppgåva kom, med yoghurt, kveit, rug og bygg og anna godt

…eg har ferie frå torsdag, eller i alle høve fri frå universitetet, då skal eg søkkje djupt ned i skrivinga, siste fiksinga av diktsamlinga og skrivinga av nye, fine, herlege ting, som til dømes dikt til den neste samlinga, store, slemme energiske prosadikt, eller kanskje skrive på noko av det løyne, hemmelege prosaprosjekta eg berre fabulerer om, som mest er som ein draum, som kanskje ein gong kjem, og som eg kanskje snart kan prate om. eg skal uansett bli lett som lufta rundt meg, full av fine, rare, lure ord. det blir fint det

… eg skal arbeide med fine Mål og Makt og minst like fine Littertaturtidsskriftet Lasso som begge kjem med superbra nummer no før jul. Lasso skal forresten ha sleppfest på sound of mu 13 desember, som alle bør kome på!

oj, fy søren, der kom ein av yndlingssongane mine på lista til fred igjen, då blir eg heilt sette ut, astor piazolla, eg elskar deg, og sidan du er så fin skal du få avslutte denne oppdateringsposten:

om å gå i terapi: dette er det vi snakkar om, dette er det som skjer

3 Sep

på veg til henne slår ein tanke ned i meg, eg tenkjer på alle bloggane om psykiske problemar, og eg tenkjer på oppfordringa som eg altfor ofte les i slutten på innlegg som handlar om depresjon, angst eller eteforstyrringar:

hugs at du er unik

og det slår meg at det berre er tull, eller at det i alle høve for meg ikkje er trøystande i det heile, men berre ein belasting, må eg vere unik no òg, i tillegg til alt det andre, og der eg går bortover ringvegen på veg mot ullevåll slår det ned i meg: eg er ikkje unik, eg vil faen ikkje vere unik meir

eg vil ikkje lengre vere unik på ein flekk og det er det mest frigjerande og lettande eg har tenkt på lenge. eg gjentok det for meg sjølv på vegen, eg er ikkje unik, eg er ikkje unik, ikkje spesiell, ikkje uvanleg, ikkje unik og det kjentest ut som ein rustning blei løfta av meg og plutseleg så gjekk eg der tjue kilo lettare

eg er ikkje unik, eg er heilt vanleg, som alle andre, like lik og forskjellig som alle andre, eg er berre eit vanleg grått kvardagsmenneske mellom milliardar av andre kvardagsmenneske og mine gleder og sorger, sigrar og tap er like store og like små som alle dei andre sine

eg er ikkje unik, og det var så herleg å tenkje det, det kjentest så herleg ulovleg å tenkje det, det kjentest så tabufyllt, spanande og sitrande herleg

då eg kom fram til ho og fortalte om det spurde ho kvifor eg fann det så lettande å tenke nett at eg var u-unik, og eg svarte at eg trudde det hadde med samfunnet å gjere, med vevsamfunnet der alle bloggar, twitrar og facar for å syne nett kor fantastisk og unike deira liv er, der alle fortel kvarandre, du er unik, og at det meir enn noko kjennast som ein byrde, ein byrde til å vere unik og til å syne nett dette unike livet til alle dei andre, at ei utnyttar all sin unikskap til ein kvar tid er sitt unike sjølv heilt og fullt ut

og eg sa det er utmattande, det er heilt utmattande, og frå no av skal eg ikkje vere unik, talentfull eller fabelaktig, eg skal berre vere vanleg og u-unik som berre det

seinare spurde ho meg om dette, ho sa
ofte i timane snakkar du om teoriar, du leggar fram meiningar om samfunnet og samtida, litteratur og filosofi, heller enn å snakke om eigne kjensler

eg blei irritert og eg tenkte på det og eg svarte, eg tenkte ho var dum som ikkje forsto eller at ho bagatelliserte, og eg hugsar ikkje nett kva eg svarte då, men i dag, eit par dagar etterpå var eg på blindern og ein tanke slo ned i meg igjen, og eg tenkte, kanskje ho har rett

eg hadde nett kjøpt rust av pedro carmona-alvarez på akademika til 49 kr då eg tenkte at

det er ikkje rart at eg snakkar om litteraturen mykje i timane med ho, for ofte kjennest litteraturen meir verkeleg enn røynda

og eg diskuterte det seinare med ei venninne og eg kom fram at det kanskje ikkje var heilt presist, heilt sant, og plutseleg forsto eg kva alt dette uniksnakket kunne handle om:

om litteraturen ikkje var meir verkeleg var det i alle høve ei røynd eg kunne kjenne meg heime i. heile oppveksta har eg fått høyre at eg var unik, samstundes som eg kjente at eg aldri passa inn: eg kjente alltid at eg liksom var for gamal for dei som var like gamal som meg. men med lesinga spela det aldri noko rolle kor gamal eller unik eg var, eg passa like godt inn i dickens, plath eller carmona-alvarez sitt univers som nokon andre: det var meg det kom an på, det var eg som avgjorde

men no er eg blitt stor, og eg vil ikkje vere einsam i den verkelege verda, vil ikkje springe til bøkene for å få puste. så no er det altså avgjort, eg har teke grep: eg er ikkje unik lengre, eg er eit heilt, heilt vanleg menneske, og eg passar inn her, i den vanlege verda, her, med dei andre vanlege menneska

og neste gong eg kjem til ho skal eg fortelje om alt dette, alt dette eg har tenkt og vi skal diskutere det, og mest sannsynleg kjem ho til å spørje, jammen, kva kjenner du no og eg kjem vonleg til å svare, eg kjenner meg letta, eg kjenner meg letta og glad

om å skrive på noko heilt nytt

27 Aug

eg har fått nokre nye favorittband i det siste. oi va voi er eit av dei. namnet er jiddish og tyder noko liknande av goshameg. def. goshameg-faktor på dei! søt video, ikkje sant?

eg skriv nye dikt for tida. mange nye dikt. etter at eg leverte inn revidert manus har eg skrive mykje nytt, nytt som skal bli ein del av eit heilt nytt diktmanus som allereie er blitt ganske stort. tretti sider. og det er så deilig, så sjukt deilig, å berre vere skrivande. det er lett det eg likar best, den fasen der eg berre skriv og skriv. før ordninga og fiksinga, før tvilen, før flyttinga av ord, opp og ned, fram og attende. det er så sjukt fint. å skrive, å berre skrive gjer meg så avsindig lukkeleg.

nett det at eg skriv så mykje for tida gjer at det ikkje blir så mange dikt her på bloggen. så tidleg som eg er i fasen med det nye manuset prøvar eg å halde ting litt opp til brystet, å ha det litt hemmeleg. og så tidleg er det vanskeleg å vite nett kva som skal bli ein del av kva, og difor skriv eg berre alt ned i eit stort dokument som eg for å igjennom seinare, og ordne og strukturer. derfor: på bloggen kjem det til å bli ein del anna frametter, kanskje. men det går vel fint?

for tida

11 Mar

… gløymer eg alt eg skal gjere, det er som om hovudet mitt ikkje klarar å innehalde alle tinga eg skal gjere, skrive seie, men som om det berre klarar å halde fast ved la oss seie to, tre ting og resten sklir ut, som den teksta eg skulle fikse der og den personen eg skulle ta kontakt med sånn, og for kvar ting eg oppdagar at eg har gløymd kjenner eg meg meir og meir redd, for om ikkje eg kan hugse alt eg tek på meg, bør eg då ta på meg nokon ting, og eg burde sikkert trekke meg attende for eg er eit vandrande risikomoment for tida; sei noko til meg og det blir borte for all æve, be meg om noko og eg hugsar det ikkje igjen før lenge etterpå

draum/røynd/draum/røynd

14 Apr

eg drøymer at eg ligg nedst i eit basseng
og gjennom klorvatnet seg eg deg stå ved kanten
og du skrik til meg noko eg ikkje kan fortså
viftar med armene

som om du seier eg skulle symje
som eg skulle vite kva det var
vitsen med

eg drøymer at eg ligg nedst i eit basseng
som er tomt
du strekker ei hand frå kanten

eg snur meg bort, vil ikkje

du skal til å stupe uti
eg skrikar

du høyrer ikkje
som om du skulle forstå

(eg har ikkje internett heime for tida. dessutan kjennest det som om eg er fyllt av isopor. det skal kome ein tekninkar på mandag og fikse veven. det siste trur eg må ordne seg av seg sjølv).

ting ein plutseleg byrjar å lure på på skrivekurs med arne bergren

15 Mar

om ein er på feil stad. kva er det ein gjer? og kvifor gjer ein det? kjem det ein til å gjere lukkeleg? som til dømes når eg skaffar meg ein sumarjobb for å tene pengar i staden for å skrive og jobbe med ei diktsamling. kvifor gjer eg det? er det av di eg er redd for å jobbe med litteraturen, redd for verkeleg satse og ikkje klare det? er det av di eg er få opptat av å ha nok pengar? er dette dumt, om det hindrar meg i å gjere det eg eigentleg vil, det eg ønskjer å satse på?

Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.

Join 513 other followers