Eg held på å skrive eit skodespel, som går under arbeidstittelen dette er ikkje mitt rom. Her er eit lite utdrag frå heilt på slutten. Det vert sjølvsagt heilt ute av konteksten med alt det medførar, men eg veit liksom ikkje heilt noko betre løysing, sidan det vert litt mykje med eit par og tjue sidar på bloggen. Biletet over er det for ordens skuld ikkje eg som har tatt, men Thorsten Jankowksi. Trykk på biletet for link til galleri!
-
M: Hei, unnskuld, kjennar eg deg?
K: Nei, det trur eg ikkje. Hei, mitt namn er K. Huggeleg å treffe deg.
M: Hei. M her. Huggeleg, ja.
M: Veit du kvar vi er?
K: Kva meiner du? Vi er jo her.
M: Jo, men kvar er her?
K: Her? Det er vel her vel. I dette rommet.
M: Ja, jo, men kvar er det?
K: Eg veit ikkje, det må vel vere her. Her, er det du ser rundt oss. Det er der du og eg er. Du veit, her, rommet vårt.
M: Åh. Er det her vi er?
K: Ja. Det er her vi er.
M: Har vi vore her lenge?
K: Eg veit ikkje, for tida utanfor og tida innanfor er ikkje den same. Tida før, om der er tjue år, er berre eit blunk. Og om det var berre er fire dagar sidan eg traff deg spelar inga rolle, for dette rommet er ikkje som dei andre romma, som verda. Frå setning til setning er det likelangt, uansett om setninga inneheld eit år tusen eller eit sekund.
M: Tydar det at eg elskar deg, tydar det at vi kjem til å vere saman for alltid?
K: Dette er ikkje deg og dette er ikkje meg. Meiner du oss her eller oss der ute? Vi har møttest, der er inga veg attende.Vi kjem til å vere i dette rommet, vi kjem til å vere her til dei sluttar å eksistere, og kanskje enno lengre. I byrjinga kjem dei til å kome innom her ofte, etter kvart mindre og mindre. Kanskje veit dei ikkje kvar dei er, kanskje vil dei tru at det er ein draum, eller berre ein fantasi. Dei vil kome innom, men dei vil ikkje vite kvar dei er, ettersom vårt rom ikkje er som deira, og dette er ikkje deira rom. Og for kvar gong dei kjem inn her kjem dei til å kjenne seg mindre og mindre igjen, og kjærkeiken deira kjem til å bli mindre og mindre sterk, og etterkvart vil ho bli endra til noko anna, til kjensla av framandskap, til kjensla av mangel og av sorg. Men dei vil miste orda, dei vil mista orda dei pratar med, dei vil gløyme. Og etter ei stund kjem vi til å slutte å prate med kvarandre vi òg, etter ei stund kjem vi til å gløyme korleis vi snakkar. Vi vil sjå på kvarandre og ikkje vite kva vi skal seie, ikkje vite korleis, ikkje vite kva. Vi vil bli ukjend med kvarandre, med oss sjølv. Og alt kjem til å bleikne, lydane, fargene, til og med sjølve uttstrekninga til tingene kjem til sakte å forsvinne. Rommet kjem til å minske, til å endre seg frå å vere eit levande rom kjem det til å bli flatt, som eit bilete, som eit frimerke og du òg eg kjem til å bli som rissingar på dei kvite veggene, som knapt synlege omriss, som noko ei mulegvis kan skimte om ein ser varleg gjennom eit forstørringsglas.
M: Åh. Døyr vi då?
K (Smilar): Nei, der er berre dei som døyr. Dei der ute. Utanfor dette rommet.



desse har kviskra