Arkiv | samfunn RSS feed for this section

gratulerer med dagen, alle!

8 Mar

men mest av alt til søstrer som står støtt
til søstrer som kjempa mot kjemper
søstrer som framleis kjemper

takk for storesøstrer
kjempesøstrer
og lillesøstrer
å kjempe for

hurra
vi er minst like bra
det er tid for å feire!

feirar du kvinnedagen?

ein prøvar å forstå det heile

27 Jan

det byrja med at eg banka på og gjekk inn døra i det dei hadde møte. og at vi gjekk ut i snøen og sto midt i vegen. eller snøen. det der brune. han vridde på andletet.

kanskje byrja det tidlegare.

i eit seminarrom på blindern med eit spørsmål som blei stilt på feil måte, seminarleiaren som skakka på hovudet smalna auga. det der veit eg ikkje om forstår.

slepp nynorsken til! 1. mai og nynorsk i ap!

2 Mai

studentmållaget i oslo gjekk første mai i demostrasjonstoget her i oslo under parolen “slepp nynorsken til – la jouranlistane skrive spårket dei vil!”. dette blei lagt merke til! heile vegen fekk vi tilrop og applaus frå folk på vegen, og aftenposten slo til med bilete av banneret vårt og nynorsk bilettekst! hurra for første mai!

aftenpostennynorsk

til helvete med skatteparadisa! om stordalen, næringsliv og etikk

25 Mar

petter_stordalen_i_dubai

petter stordalen går på sin blogg (klikk på biletet for å bli lenka) hardt ut mot “skatteparadisa”. eit skatteparadisk er kort sagt eit land der ein kan gjøyme bort pengane sine, sånn at ein slepp å skatte for dei, sånn at nokon slepp å i det heile tatt vite at ein har dei. dette er sjølvsagt praktisk for rikingar som ikkje vil dele med nokon andre (gjennom til dømes skatt) og kriminelle som vil skjule alle dei pengane dei har stole frå folk, eller tent på handel av menneske, våpen eller narkotika.

dette tyder at ein kan setje pengar på ein konto, pengar som kan stå der kor mange år som helst utan at nokon får vite noko om det. bankane gjer ofte ikkje noko informasjon om kva som finnest i deira kvelv, eller kven som eig det. dermed mogleggjer desse skatteparadisa all mogleg økonomisk kriminalitet.

det er lett for vanlege daudelege å ta oppgjer med “dei rike, grådig”. det er lett å alltid peike på andre, å seie at tenk, fysj og fy, dei som er så rike vil ha meir (og så gløyme korleis vi skjølv kanskje nytta ein svart snikkar til å byggje om på hytta). derfor er det inspirerande og fint å sjå at ein som stordalen tar til orde for sleppe dagslys inn i dei mørklagt kvelva i skatteparadisa, så ein kan sørgje for at folk ikkje kan lure bort pengar dei har tent på ærleg eller uærleg vis.

alle har eit etisk ansvar. organisasjonar som attac har lenga arbeida mot skatteparadisa og for ei ny internasjonal lovgjeving. ein måte å vere med i kampen for ei meir rettferdig, økonomisk verd kan vere å melde seg inn hos dei, og på den måte støtte kampen mot skatteparadisa.

toppleiarar i samfunnet, det vere seg i det offentlege eller det private næringsliv har eit særskilt ansvar. derfor er det så bra at når dei går ut og vil kjempe for ein meir gjennomsiktig økonomi.

sjølv om det blei mykje ros til stordalen i denne posten, kan eg likevel kome med ei utfordring: Magasinet for fagorganiserte skriv i det nyaste nummeret om korleis mellom anna rompersonell på stordalen sitt hotell børsparken i oslo har fått ein nesten umogleg arbeidskvardag etter at reinhaldet vart satt ut til det internasjonale føretaket ISS Facility Services. det er tydeleg at det framleis er viktig å sørgje for etikk på heimebane òg, ikkje berre ute i verda. å kreve at føretaket som leverer tenester til eigne hotell er okei mot sine tilsette er ein superlett måte ein kan gjere verda meir rettferdig på. kanskje vil det koste nokre ekstra kroner. men det er det kanskje verdt?

ringen snart slutta

13 Mar

eg bur rett ved ringnes par, og frå kjøkenvindauget har eg vore så heldig å kunne sjå rett ned til ein eigendomsmeglar. kvar dag har eg kunnet sjå bustadlysingar blinkande på dei store teveskjermane i vindauget, og om eg ville kunne eg spionere på vevvanene til dei proffesjonelle. men no er det altså slutt, ring flyttar ut, og det er i desse tider rimeleg å tru at dei ikkje skal flytte inn ein annan plass.

når bustadbobla sprekker får det pluttseleg konsekvenser for mange. når ein har rekna med ein fortsatt prisvekst på omlag tretti prosent årleg, er nedturen stor når han kjem. når folk er arbeidsledige kan dei ikkje ta opp store lån for å kjøpe hus. dermed vil den auka arbeidslediggongen sannsynlegvis føre til enno lågare prisar på bustadmarknaden, og enno mindre sal. som igjen kan føre til at enno fleire meklarkontor må stenge ned, ettersom at arbeidslediggongen aukar.

no har eg aldri vore særleg fan av eigedomsmeklarar. men det er alltid rart å sjå nokon pakke saman og gå, og kanskje spesielt når det kjem til nokre av dei som har vore mellom dei mest suksessrike dei siste åra. Samstundes veit ein at det har vore altfor mykje med dei sikkert fem og tjue bustadmeklarane som har vore på grünerløkka. no vert det spanande å sjå kva som kjem i staden.

hurra! hurra! hurra! det er kvinnedagen!

8 Mar

gratulerer alle, det er åttande mars! eg meiner åttande mars er ein av dei viktigaste dagane i året, både for menn og kvinner. det er sjølvsagt hovudsakleg kvinner og kvinnefrigjeringa si dag, men eg er av den tru at kvinnefrigjering kjem mannen til gode. så gratulerer alle saman!

i dag har eg hatt fantastisk koseleg ettertog suppe og brød med den fine gjengen frå studentmållaget i oslo! sjølv rakk eg dessverre ikkje å gå i tog, og det var skikkeleg trist. eg trur det er første åttande mars på kjempelenge at eg ikkje har gått i tog, og dagen er rett og slett ein av mine favorittdagar!

sjølv om åttande mars er ein dag for feiring, så er det òg framleis ein kampdag. for det er framleis mykje å kjempe for, både her heime i noreg og ute i verda. eg vert utruleg provosert av at mange meiner det ikkje er noko trengsel for ein dag med fokus på kvinnekamp og likestilling. om folk trur at kvinner i noreg i dag er likestilte, så er det noko dei vel å oversjå. for det er rett og slett ikkje sånn det er. og ser ein på verda blir biletet tydelegare.

visste du til dømes at kvinner framleis berre tener ca 80 prosent av det menn tjener i noreg? og at det her er snakk om menneske med like høg utdanning, som jobbar like mykje? sykepleierforbundet har for tida ein kampanje for likelønn, der dei mellm anna krever ein handlingsplan frå regjeringa. klikk på namnet og finn kampanjeheimesida deira for meir informasjon. for det er vel ingen grunn til at kvinner i noreg framleis skal tene mindre enn menn for same arbeid? og ikkje berre er lønsgapet stort, det er òg aukande. det går altså ikkje an å setje seg attende å seie at vi jo “har likestilling i noreg”. for det har vi ikkje.

ein av mine kampsaker som feminist er det som mange vil kalle ein typisk “mannesak”, nemlig jamnare deling av fødselpermisjon. dette er sjølvsagt ikkje for å ta frå kvinna tida med barn, men for å gje til faren. eit stort problem for mange kvinner og menn er at det er kvinna som i størst grad vert sett på som omsorgsperson. dette førar til at det gjerne er ho som vel å arbeide deltid, at det er ho som har mest fødselspermisjon og ho som endar opp med minstepensjon. samstundes førar det gjerne til at far mist mykje verdifull tid med borna, at borna mist ein viktig mannleg rollemodell og at borna sannsynlegvis tilfell mor om dei skil seg. dette trur eg ikkje er heldig på noko vis, og ein fødselpermisjon som er jamnare delt mellom mor og far trur eg er betre for alle! eg kan ikkje fatte og bregripe at ikkje menn er ute i gatene og demonstrerer mot at dei er juridisk og kulturelt nedvurdert som omsorgspersonar. eg tykkjer det er håreisande.

sist med ikkje minst tykkjer eg det er svært viktig å jobbe mot diskrimineringa av kvinner som vel å gå med hijab. det er muleg at nokre av desse gjer dette som følger av eit kulturelt press, men det er uansett viktig å støtte. at norske kvinner opplev at folk prøvar å rive av dei hijaben når dei går ute i gata, at dei blir hagle ned med skjellsord er heilt, heilt forferdeleg. det er absolutt ikkje hijaben det er noko gale med. det er korleis nokre kvinner blir trakasert til å nytte, eller ikkje å nytte dette plagget, som er gale. kvinner har ein eksistensiell rett, rett til å definere kven dei er og ønskjer å vere. dette valet bør alle i noreg og andre stadar stø, uansett kva dei vel. hijab er ein del av ein religiøs og kulturell identitet som det bør vere plass til i noreg. derfor tykkjer eg det var dumt med brenninga med hijaben på youngstorget i dag. ein skal ikkje hindre yttringsfridomen til enkeltmenneske, men å nytte kvinnedagen med å brenne det religiøse symbolet til så mange norske kvinner som strever i kvardagen med å få respekt for vala dei tar, det tykkjer eg var ganske dårleg gjort. om det var meint som ein symbolhending, blei det tolka som eit personleg åtak for mange av dei som kanskje er mellom dei som strevar mest for aksept i desse dagar. splid i kvinnerørsla er ikkje noko ein treng å lage, å gå til åtak på hijaben tykkjer eg ikkje var naudsynt å gjere på den måten det blei gjort.

sist men ikkje minst vil eg dele eit av mine favorittdikt, som janne las tidlegare i dag som ein del av studentmållaget si markering av dagen; marie takvam sitt dikt ei kvinne. sånn går det:

EI KVINNE:

Ei kvinne stogga meg på gata og sa:

Du syng om kjærleik
og om stjerner
som om du ikkje veit kor livet ter seg!

Kva ser vel vi av stjerner her
i gater mellom lysreklamer?

Å høyr, du veit nok like godt som eg
at draumar høyrer heime utved havet
der kvinnene går einsame og ser mot horisonten.

Men prøv å temje kjærleiken
og bere den til frukostbord og middag
på kjøkkenet i plastikkblått og kvitt,
og du har same hell som om du fanga solgull
i dine hender
og bruka det til lykt igjennom netter.

Alt er bedrag, bedrag, bedrag.
Ein einsleg maidag
har aldri kasta sol
som lyste opp om hausten.

supersize me!

8 Mar

dei fleste kjenner til filmen supersize me, og om det er nokre som ikkje kjenner til han, så er det ein dokumentar som i korte trekk tar for seg snøggmatnæringa generelt og mac donalds spesielt. filmen er laga av Morgan Spurlock ein amerikansk, radikal film- og dokumentarmakar, som er kjent for å lage film og teveprogram med politisk innhald.

i supersize me testar han korleis det går om han et berre på mac donalds i ein månad, og i tillegg “supersizer” (altså tar største meny) kvar gong han tilbyr han det. han blir fulgt av tre forskjellege legar.

det går sjølvsagt nedanom og heim. det er tildels litt vondt å sjå filmen, for ein for verkeleg sjå kor slapp, deprimert og dårleg Mogran blir. samstundes er han alltid fast bestemt på å fullføre prosjektet sitt, og han har alltid eit utruleg humør, så det er heile vegen ein humørfyllt, underhaldande film.

noko av det skumlaste med denne filmen er korleis det etter kvart i eksprimentet kjem fram at Spurlock er blitt avhengig av maten. når han ikkje et eller nett har ått får han hovudpine, nedsett humør, depresivitet, smerter i bryster, kort sagt, typiske teikn på abstinens. når han et kjenner han seg som om han var på toppen av verda, humøret er fantastisk og alt kjennest bra. og eg tar meg i å tenkje at det kanskje ikkje er så rart at ein kan bli heilt avhengig av mat som er stappe full av koffein, sukker og feitt, når alle tre i seg sjølv er avhengigheitsskapande.

men filmen fokuserer ikkje berre på Spurlock og hans eksperiment. filmen visar og korleis mange barn ikkje kjenner namnet på eigen president, men på klovnen ronald macdonald. korleis det mange stadar i usa ikkje er andre leikeplassar i nærleiken en den på macdonalds. korleis born vert utsett for ti tusen merkevarenamn dagleg, der hovudparten er for snøggmat eller sukkervareprodukt. det finnest til og med teikneserier med mac donalds og deira figurar.

sånn vert barn i amerika oppdratt til å ete dårleg. og det vert ikkje noko betre når dei kjem på skulen. lite grønsaker, mykje halvfabrikat, mykje kaker, sjokolade og chips. samstundes er seksti prosent av alle vaksne i amerika overvektige. overvekt er ein av hovudorsakene til at folk døyr. ein kan snakke om ein epedemi, og Spurlock meiner at mac donalds er ein av dei med hovudansvaret.

sjå filmen her:

folkeaksjon for ytringsfridom på nett!

3 Mar

amnesty_300x150

i ei tid der alt frå plateføretak til regjeringar vil setje grenser for kva folk skal kunne gjere og skrive om på nett, er ytringsfridom på veven aktuell som aldri tidlegare. no tykkjer eg kanskje ikkje at spørsmålet om folk skal eller ikkje skal kunne laste ned musikk er det viktigaste, men om føretak skal kunne regulere kva som er lovleg eller ikkje lovleg basert på eit ønske om profitt, eller om makthavarar skal kunne sensurere motstandarar.

ytringsfridomen på nett er enormt viktig, av di det er ein av dei plassane der kven som helst kan ytre seg, delta og skape debatt.

i dag sit det fleire folk i fengslar verda over av di dei har blogga. sånn bør det ikkje vere. 12. mars er aksjonsdagen for amnesty sin folkeaksjon for ytringsfridomen på nett. ver med å aksjoner ved å skrive ein bloggpost

Virrvarr har meir informasjon om kampanjen på si sida. Kampanjeheimesida finn du her. Dagbladet skriv her om korleis eit platefirma har gått til søksmål mot telenor, av di dei ikkje vil avgrense brukarane sin tilgong til nettstaden the pirate bay.

dette er ei kjempeviktig sak. ver med å aksjoner!

tåregass, du liksom

8 Jan

det er i grunnen heilt absurd at dei kallar det tåregass, når det i aller størst grad kanskje rammar pusten og gjer ein så kvalm og åndelaus at ein mest har lyst å legge seg ned og døy. tåregass du liksom, nett som ein berre grin litt og blir trist og spring sin veg. det er ikkje heilt sånn altså.

i oslo i kveld så ein unge som gjekk til åtak på politiet. det var tydeleg at det var politiet sjølv, som for mange var målet. sjølve makta. heldigvis, kan ein nesten seie, har politiet dette overmektige vapenet som sender alle demonstrantar springange avgårde. elles kunne det ført til enno meir valdelege samanstør med fleire skadde. og politiet må sjølvsagt ha makt i ein rettstat, rett til å skudde til dømes israels ambasade. men, likevel, det sett ein støkk i ein når ein ser valdsbruken til politiet kan ein ikkje la vere å verte uroa.

svært mange av dei mest aggresive av demonstrantane i dag var ungdom, fleire under atten år, med minoritetsbakgrunn. fleire av dei som var aggresive i etterkant av fakkeltoget i oslo i kveld, retta aggresjonen sin direkte mot politiet, mot makta, med stor M. det er tragisk, ikkje mest av di det til dels øydelegg ein fredeleg og viktig demonstrasjon mot krig, men av di det vitnar om ein vassvittig avmaktskjensle hos denne ungdomen. òg det, det er frykteleg trist.

ungdom om prostitusjon

17 Dec

her er eit klipp frå BTV, der fire unge pratar om prostitusjon. alle som er unge veit at det stort sett ikkje er tilfeldig kven som vert intervjua og at det ofte gjerne er folk som har gjort seg opp ein slags meining om temaet, som bryr seg og engasjerer seg. det er likevel spanande å sjå haldningane til unge i dag omkring dette emnet.

http://www.bt.no/webtv/?id=14564

Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.

Join 513 other followers