les alt du kjem over
gløym alt når du skriv
lytt til alle råda du får
gløym alt når du skriv
tru at du er god nok
tvil medan du skriv
tvil på at du er god nok
tru medan du skriv
skriv vidare, sjølv om det er dårleg
skriv vidare, sjølv om det er bra
finn røysta i deg som støttar
finn røysta i deg som bryt ned
høyr på deg begge
og skriv
korleis skrive ei bok
2 Decwave – hei virgina
10 Junhei virginia, eg ville sett deg
om eg kunne bite deg i lippene
stirre ut i lufta, ventande
på ord eller ville eg sett deg
i bestemt gange mot biblioteket eller
bøygd over bøkene, når du
borte i andre tanker dyppar pennen i pennehuset
om eg kunne få følgje deg
om eg fekk sjå andletet ditt
spegelbilete frå vindauget
tankane springane over augelokka
kunne eg då sjå
inn i dine verder, om eg berre kunne sjå
andletet ditt klart
stirrande ut i lufta
borte frå skugga
av dine ord
kven vil vere karl ove knausgård?
9 Nov
eg har tenkt over dagane, og vekene, og alle dei kompromissa som skal til for tida; eg kallar det kompromiss. kvardagen er oppslukt av alle dei små gjeremåla, alt eg må passe på, for å ha det bra. passe på at eg et, med jamne mellomrom så eg ikkje skal bli fortvila, å drikke likeså. passe på at eg for kvile, slappe av og samstundes lese, nett nok, til at eg klarar å halde meg ajour med dei tjue studiepoenga eg tek, så eg ikkje blir stressa og fortvila, eg må passe på at eg kjem meg ut, passe på at eg får møte vener, ikkje for mange i slengen, ein her, ein der, passe på at det ikkje blir for mykje, at eg ikkje blir sliten, ikkje for lenge, passe på at eg går heim, ikkje for seint, så eg kan legge meg tidleg nok til å søve, søve dei tolv timane eg treng for at eg skal klare dei neste tolv i vaken tilstand, utan å vere redd for å briste
det kjennest som eit kompromiss, for det er så mykje eg heller ville gjere; studere tusen ting, finne ut det som er å finne ut, om heidegger, habermas, gadamer, om sarte, beavoir, iragaray, kristeva og butler, derrida og foucault, merleau-ponty eg vil skrive ferdig diktsamlinga, ein roman, byrje på ein masteroppgåve; sakte men sikkert byrje å finne ut av det, ut av noko, sakte med sikkert setje ord på mysteria som ligg som tung tåke i brystet, dette som er viktig, kvifor skriv menneska, kvifor skriv eg
ikkje bry seg om kvardagen, kva er det å ha det bra, heller finne ut av det, den eksistensielle smerta til sarte, kanskje er det der det er noko å utrette, ikkje i dette, i det som forsvinn mellom dei tusen omsyna eg må ta for å heile tida halde meg i balanse
(kristina tenkjer som karl ove 1: kampen mot kvardagen)
-
av og til må eg slutte å lese. av og til blir eg så oppslukt av bøker at eg berre må samle opp all viljestyrke og legge dei frå meg, for ei tid. elles kan det gå gale. eg kan lese tusenvis av sider i strekk, berre pause om blæra mi held på å sprekke, eg, som elles nyttar så mykje tid på å tenkje på, lage og ete mat, kan gå i dagevis nærast utan å få i meg ei beta. eg har ofte lurt på korleis det går til. eg har lese meg sjuk, meir enn ein gong. vore i transe i så mange dagar at eg har kome ut på andre sida med feber. bøker kan ta over meg. som kvite niggarar av ambjørnsen haustferien då eg var tretten. når eg hugsar attende verkar det som om det var mørkt fire dagar i strekk. eg trur eg var erling haefs desse dagane, eg budde i bergen, eg eksprimenterte med narkotika, eg skreiv, eg var på veg ut for stupet. sjølvsagt var eg ikkje erling haefs, det visste eg jo godt. eg visste at eg var meg, kristina. men det var berre som om eg hadde fått alt erling haefs var, gjennom boka. at heile erling, hans humør, desperasjon og kjensle av å stå utanføre samfunnet hadde sklidd inn i hovudet mitt og var der dei fire dagane eg las boka. heldigvis ikkje lengre.
på same måte kunne eg skli inn i kva det skulle vere. og kome ut igjen noko rufsete på sida. kven vil vere hovudpersonen i brotsverk og straff? likevel vert det umogleg å ikkje lese. og eg visste jo at magien blei broten når eg var ferdig, når eg la boka ned. frå å vere ei eige verd der eg var eit heilt anna menneske, ei verd som så lenge ein las var parallell med denne verda, blei boka berre ei bok, i papp og papir eller litt meir, meir eller mindre kvite sider med små snirkla svarte bokstavar, som var nett det, svarte bokstavar, og heile verda og det menneske eg nett hadde vore på innsida av eller rett og slett nett hadde vore, var borte.
og nett det har alltid fascinert meg, korleis ei bok kan vere ei heil verd når du les henne, og så plutseleg, berre vere ei bok igjen. korleis kunne det gå an?
på eit eller anna vis har eg fått svaret. på eit eller anna vis har eg fått svaret. det siste halve året er det nemlig sånn at eg blir infisert av bøker. og mot det nytter det ikkje med tamiflu. det byrjar gjerne med at eg er litt sliten. så blir eg gjerne oppslukt av ei bok. på eit eller anna tidspunkt byrjar hovudpersonen å skli litt over i meg. så når eg tenkjer over rare ting som livet mitt, som meinig, som samfunnet og språk, så tenkjer eg plutseleg noko som er veldig likt hovudpersonen sine tankar. utan at eg er klar over det. etter ein stund kan eg kjenne det igjen, og tenkje, steike, no tenkjer eg som karl ove knausgård. det er kanskje ikkje så bra.
for det er ikkje berre tankar og analyser. det er kjensler, von og desperasjon og det spring frå boka inn i meg. det er jo litt greit, så lenge ein les. men så må det slutte. kven er det som vil gå rundt å vere karl ove knausgård heile tida? når verda allereie har ein som slit nok som det er?
då gjeld det å lukke boka, lage seg ein kopp kakao og kvile litt. la bøker vere bøker. sjå seg om i stova. kysse han fine som kanskje sit og jobbar med ein komposisjon, han vil sjå opp, stryke meg over kinnet og spørje korleis det går og eg vil susse han igjen, kanskje på panna og seie betre, no.
under huda på adorno
5 Junkva er lyrikk? kva gjer nett lyrikk til lyrikk, og kvifor i all verda lese det, kvifor skrive det? og om ikkje vi kjenner noko svar, kvifor gjer vi det likevel? kvifor skriv eg? kvifor les eg?
littertaurvitskapen har ingen av desse svara, så godt som det finnes eit, og ikkje mange. stort sett er det beste littarturvitskapen kan stille med er ein flervalsprøve med mange, og tildels motstridande alternativ. paradoksa er mange: litterariteten er ein språkfunksjon, littertariteten kan finnest i studien av språket som system. litterariteten er intensjonalisteten vil noko hevde. litterariteten realiseringa av teksten i lesaren.
litterariteten er paradoksa. paradoksa er ålmennmenneskelege.
berre den forstår kva diktet seier som i einsemda i diktet fornemmer stemma åt menneska [...] den reine subjektiviteten i lyrikken, han som ser ut til å vere harmoniske og utan brot, vitnar om å vere det motsette, om lidinga subjektet opplev ved framandgjeringa som det samstundes har kjærleik til
framandgjeringa, lidinga over framandgjeringa og kjærleiken til ho, er for adorno kjerna åt lyrikken og menneska.
vi står mitt i mellom ei verd og eit språk, og dei passar ikkje overens. i det daglege kan vi få dei til å funke saman, og vi ser meining i verda, vi ser godt, og vondt, omgrepa har fylde. men av og til strekker ikkje verda eller språket til, av og til er det noko ein berre ikkje kan seie eller noko ein kan seie men som berre ikkje verda ser ut til å romme, og orda eller verda verkar som så alltfor fattig. ein står i kløfta mellom språket og verda, og ein kan ikkje skilje den eine frå den andre – samstundes er dei ikkje kvarandre eller deg nok.
-
flytande på eit kvitt ark
eit belte
av vrakrestar
-
eg forstår ikkje adorno, men eg forstår paradoksa. det er dei som gjer at ein ser ting, det er dei som gjer verda vakker. som riv ho i stykke, som held ho saman. som gjer ho meiningsfyllt og meiningslaus samstundes. for vi kjenner ikkje meining utanfor dikotomiane, utanfor forskjellen.
utan individet er det ikkje noko samfunn. når ein går heilt ned i individet, når det gløymer seg sjølv og objektiviteten, samfunnet, berre då kan ein seie noko om ålemma, om samfunnet.
adorn tydar å gjere noko vakkert. det passar i grunnen adorno godt.
Fuck My Life! Fantastisk, fantastisk!
29 Mareg er ikkje eit så godt menneske at eg ikkje likar å sjå andre bananskaltryne av og til. ikkje av di eg tykkjer det er så gøy, men av di det av og til berre er så spektakulert, eller rett og slett så godt å ha nokon å ha det litt vondt med. då er sida fuck my life perfekt. her er dei mest hjarteskjerande historiar, fortald i absolutt kortform.
“Today, my husband came home from work angry. He started yelling about how much he hates the neighbor’s kids and that he never wants to have children. I was going to tell him I’m pregnant tonight. FML”
“Today, I was sitting in class and I fell asleep during the lesson. I was wearing sweatpants and had an erection. My teacher came up to me and grabbed my penis. She thought it was my phone. FML”
“Today, my daughter asked me when was the first time I had sex. After I told her 22 she quickly shouted, “Beat ya!” She’s thirteen. FML”
kva er det med desse som er så fantastisk? kanskje har det noko å gjere med den korte, konsise nesten vitseaktige formen. kvardagstragedienen slår deg, pao, pao. eg trur det òg kan ha noko med at det er alle moglege folk som sender inn. mor, far, døtre, sønner, lærar, elevar. og i staden for å drite ut dei som blir utsett for utroskap, kjipe kommentarar frå mødre eller opplev at dei feilar som foreldre, får ein sympati med folk. for fuck my life handlar ikkje berre om dei vulgære tinga, det handlar om at livet nokon gonger er sjukt kjip, og at nokon gonger kan vi klare å gråte og le litt av det samstundes, og saman.
ginsberg når ein er trist og har vondt i nakken
6 Mar
eg hugsar du sat der framfor meg i kafeen
med beina i kross, du tromma på leggen
og dei firkanta brillene dine, såg ned i dongeristoffet
telte rillene i stoffet, kjem han heim snart
sa du utan lyd med dirrande lipper
eit tomt ark framfor deg
og du skreiv eit ord eller to
strauk så ut blyet med fingeren
såg på flekken i høgre hjørnet
det lysebrune arket
så lo du
(allen ginsberg er så fantastisk. dette klippet er så fint, av di han lesar og alle ler, og det er så gøy, for alle blir så trist når dei tenkjer på allen ginsberg, men det var nok mykje moro òg, det var nok det)
triztan vindtorn er daud
5 Martriztan vindtorn er daud. midt oppi det heile vel dagbladet å fokusere på vindtorns maskulinitet, og stadfestar det som trass alt må vere vere viktiagst: han var ein mann. han var så veldig ein mann. greit nok at han var ein slags poet, men han var ein mann!
dagbladet altså. kvifor er det når ein poet er daud, så viktig å stadfeste at han var ein mann, at han ikkje var feminin? kva i all verda har det med noko sak å gjere? kvifor ikkje skrive noko om at mannen har gitt ut tretti diktsamlingar, at han kanskje var den einaste surrealisten i noreg, kvifor ikkje si noko om kva han har tydd som diktar, i staden for å lage ein slags freakshowsak?
eg tykkjer triztan verka som ein fin fyr, og eg vil nytte høvet til å sakse frå eit intervju gjort i aftenposten for eit par år sidan. på spørsmålet kva lukke er svarar han nemlig utruleg fint.
Blant annet å gjøre det som er “umulig”. Og lete etter, la seg innhente av de lynglimtene av lykke man opplevde som barn. Kan du huske dem? De man ikke visste hvor kom fra. Dessuten kan det være de stundene man opplever sammen med virkelig gode venner. I mitt tilfelle er alle eldre. Lykkelige, lekende mennesker. Homo ludens blir ofte gamle.
På spørsmål om han har noko livsmotto svarar han at det har han ikkje, men at han
liker tittelen på Pablo Nerudas selvbiografi, “Jeg tilstår at jeg har levet”. Selv må jeg tilstå at jeg har drømt. Jeg drømmer fremdeles. I farger.
Sist, men ikkje minst: Her er eit dikt av Vindtorn, som tilsaman har gitt ut tretti bøker.
jorden er et snøfnugg
jorden er et snøfnugg fortapt i skyer
men kroppen blir aldri et bevis på at vi lever
vi skal gjenkjenne fisken på dens vinterskjerf
for skyggen der nede kan visstnok smelte
og etterlate deg som levende fossil
hvordan klappe takten når hendene er støv
eller opprettholde språket som luftbro
når det finnes så mange orkaner omkring oss?
egget ut av ingenting eier ikke hukommelse
men er like hjemløst som deg selv …
det er bare drømmene som kaster seg
ubønnhørlig gjennom speilglasset
inn i betonghuset hvor kjærligheten bor …
her går du igjen som et sitrongult skjelett
og lyser opp i alt det mørkeblå //
trykker du på biletet over, finner du enno eit dikt.
triztan vindtorn var ein viktig person i norsk litteratur. kvil i fred, eller dans himmelen i sønder.
den som søkjer skal finne
3 Mareg hadde i lengre tid mulka over kvalifiseringsoppgåvene til emnet lit1302. emnet tar for seg litteraturen frå søtten- til nittenhundre. eg er feminist, og for meg er det kanskje ei av dei mest spanande tidene å ta for seg, av di det er då kvinna som lesar vert ein faktor i samfunnet. i løpet av kort tid blir det mange som kan lese, og det blir relativt billeg å produsere bøker. industrialiseringa førar til ei overklasse av kvinner utan noko materielt ansvar, som ikkje har stort mykje anna å gjere enn å lese romanar. kvinner skriver, kvinner leser. kvinner er hovudmålgruppe, kvinner er bestseljarar. BOOM. kvinner er hovudpersonar. så når ein får tre oppgåver der ikkje ein av dei har korkje kvinneleg forfattar eller kvinneleg hovudperson, eller er frå ein typisk kvinnesjanger, vert ein litt skuffa. hallo? liksom. ein hadde så mykje ein kunne ha velt mellom, som igjen hadde vore så interessant frå eit feministisk perspektiv! ta madame bovary, ta faust, ta pamela, det er så mykje! men nei, så vel ein vandrarens nattsong av goethe, candid av voltaire, og studenten av tsjekhov. ein blir sittande og tenkje at det må vere medvitent gjort, og at det er lupent.
men om kvinna ikkje er tilstades som hovudperson, som forfattar eller i det heile tatt som aktør, er ho det som objekt. i første oppgåva, der ein skal tolke vandrarens nattvise av goethe, er naturlegnok kvinna fråverande, for der er det mannen og naturen, eller rettare sagt mannen i naturen eller naturen for mannen. men ein kan jo sjå naturen som noko kvinneleg, eller riktigare, at naturen i romantikken er for mannen mykje av det same som kvinna er: ein fristad frå det korrumperte samfunnet, noko mystisk, sublimt og naturleg.
og pluttseleg slo det meg: nett ved at kvinna ikkje er til stades som aktør er det så utruleg mykje ein kan skrive om det frå eit feministisk perspektiv! det er så utruleg mykje å ta for seg når ein viser korleis kvinna gjerne er tilstades i litteratur, men ikkje som ein faktor, knapt som ein aktør, men mest av alt som den naudsynte tilhøraren for ein mann. som i diktet vandrarens nattsong er kvinna der som noko mannen kan framtre i og for.
problematikken ser du òg tydeleg i tsjekhovs studenten. i novella vert det skildra to forskjellege typar kvinner, personifisert i mor og dotter som lev saman som enker. den eine kvinna vert definert som er ein verdig lyttar (mor) og den andre kvinna som ikkje er det (dotter). dette vert tydeleg markert i introduksjonen av dei to.
The widow Vasilisa, a tall, fat old woman in a man’s coat, was standing by and looking thoughtfully into the fire; her daughter Lukerya, a little pock-marked woman with a stupid-looking face, was sitting on the ground, washing a caldron and spoons.
både herrefrakken og den tankefulle stirringa inn i bålet gjer den eldre enka manneaktik og verdig. det kjem dessutan fram seinare at ho er noko danna, ettersom ho har vore amme for adelen. dottera derimot vert framstilt omtrent som eit dyr, eller i høgste eit lite barn, andsforlaten som ho vert skildra.
her daughter Lukerya, a village peasant woman, who had been beaten by her husband, simply screwed up her eyes at the student and said nothing, and she had a strange expression like that of a deaf mute.
avstanden mellom prestestudenten og dei to kvinnene, og sjølv ho som er mest danna av dei, er enorm. det er hans som er aktør, som fortel, som påverkar, som frelsar. i sitt verke oppfattar han seg som den til no siste del av ei kjede som går attende til jesu tid, der oppgåva er å frelse verda. kvinnene er ikkje tilstades som noko anna enn tilhørara, og dei vert definert etter evne til å i større eller mindre grad høyre og forstå hans likning.
i novella vert kvinna framstilt som ein spegel for mannen. ho er den som høyrer på likninga hans, som får reagerer med kjensler til det han seier (i novella byrjar den eldste enka å gråte). men ho pratar omtrent ikkje, ho er ikkje ein intellektuell aktør. som tidlegare guvernante er ho danna, men utelukkande som tilhørar: ho er ei kvinne som kan forstå prestestudenten (gitt at han nyttar sin pedagogik), noko som forsterkar bilete av sitt bilete av seg sjølv: hennar reaksjon vert eit måleinstrument for hans prestasjon. det forsterkar kjensla prestestudenten har av eigen identitet: som det siste ledd av ei kjede av menn som skal ut for å frelse verda (og kvinnene).
når ein skulle ha gjort alt anna, men heller vil skrive litt om Dylan
5 Noveit av mine favorittalbum er Dylan sitt Blood on the tracks. det er eit av desse albuma som er nærast perfekt. kva er det som gjer det det? vel, avgjerande for meg er kombinasjonen av dei fine, såre og utprega kvardagslege tekstene og dei sterke, fengande melodiane. at Dylan skriv gode tekstar er vel neppe noko nytt for nokon, at det er mange som les dei som nett poesi er vel ei heller den store nyhenda. men nett det med det kvardagslege, det er noko eg ikkje klarar å kome i frå, for kvar gong eg set på dette albumet er det som om Dylan er så himla nær. og eg trur det har med nett dette kvardagslege å gjere.
She was married when we first met
Soon to be divorced
I helped her out of a jam, I guess,
But I used a little too much force.
We drove that car as far as we could
Abandoned it out West
Split up on a dark sad night
Both agreeing it was best.
She turned around to look at me
As I was walkin’ away
I heard her say over my shoulder,
“We’ll meet again someday on the avenue,”
Tangled up in blue.
det er enkle bilete, enkle symbol, og nett dette enkle, kvardagslege språket, dette verset som er lett å forstå, som er lett tilgjengeleg, det rommer så mykje. i dette verset får ein servert ein heil historie i eit, tungt sårt augneblink. vakkert som det er , når ting tar slutt. det er jo sjølvsagt å skulle seie det sånn, men det er jo sant, for ein romantikar som meg er det sant. det er vakkert.
alt vi mist. det er eit av temaa på dette albummet. tydeleg vert det og i songen You’re a big girl now, der ein har vakse opp, vakse ut av kjærleiken, vakse frå han som framstår som barnleg. fjerde vers byrjar med ironiseringa over ein kjent frase, ein klisjé. og heile teksten er full i ironi. for der det verkar som om det er eg-et i teksten som tidlegare har vore stå, stritta i mot, barnleg og som har såra, er det no ho som ha vakse opp, gått vidare. det er ho som heile tida har visst kva kjærleiken er, og han har nett byrja å lære.
Love is so simple, to quote a phrase,
You’ve known it all the time, I’m learnin’ it these days.
Oh, I know where I can find you, oh, oh,
In somebody’s room.
It’s a price I have to pay
You’re a big girl all the way.
dei som har reist. om du ser henne, hils frå meg. nok ein gong er det Dylan som har forlatt, nok ein gong er det Dylan som held fast, som beundra ho for å brote laus, det han sjølv ikkje klarar. kanskje veit han at dei ikkje kunne vere lukkeleg saman, kanskje saknar han nokon å vere ulukkeleg med.
A change in the weather is known to be extreme
But what’s the sense of changing horses in midstream?
I’m going out of my mind, oh, oh,
With a pain that stops and starts
Like a corkscrew to my heart
Ever since we’ve been apart.
If You See Her Say Hello
If you get close to her, kiss her once for me
I always have respected her for busting out and gettin’ free
Oh, whatever makes her happy, I won’t stand in the way
Though the bitter taste still lingers on from the night I tried to make her stay.
[...]
Sundown, yellow moon, I replay the past
I know every scene by heart, they all went by so fast
If she’s passin’ back this way, I’m not that hard to find
Tell her she can look me up if she’s got the time.
alle songene tar for seg tapet, og det å halde fast ved det. Dylan er fanget i melankolien, eller Tangled up in blue, som han seier sjølv. for alle songene på dette albumet, har meir eller mindre same fabel. det er Dylan som stadig kjem attende til tapet. som frk. eske ein gong så presist skreiv det: å halde fast, å sleppe taket. kanskje er det dette det kjem ned til. for Dylan, som for meg.
Hurra for Jostein!
19 Okthttp://www.dagbladet.no/kultur/2007/10/17/515290.html hurra for Jostein! Kjempe at folk krev å verte sitert på eige mål i ein landsdekkande avis. Det er jo faktisk eit av dei offesielle måla!
Eg snappa på John for tredje gong i dag.
Første gong eg snappa var i ein russisktime for tre veker sidan. Eg hev litt problem med å uttale l i только, og russiskløraren vår skulle hjelpe meg å uttale det skikkeleg. John såg då sitt snitt til å forklare det betre enn læraren, ettersom han sjølvsagt, veit korleis ein skal gjere alt best. Eg vart sjølvsagt lettare stressa, snudde meg mot John, såg på han, sa temmeleg høgt; JOHN! og dro handa mi over halsen. VER SÅ SNILL!
Andre gong eg snappa på John var i går, når vi var og såg på klosteret Ny Jerusalem, ein del timar med bil utanfor Moskva. John prøvde å lansere ein religionsdiskusjon. John er aldri, aldri interessert i å diskutere. Han er i alle høve ikkje interessert i å høyre kva nokon andre meiner. Han berre avbrytar, fnysar, tek ordet, og forklarar kor på jordet alle andre er. John er utelukkande interessert i å vise kva han kan. Alt han kan. Samstundes som han gjerne solar seg i sin eige glans. Typisk John er å spørje slik: Du veeeeeit kvifor det er ørnar på dei spira, veit du ikkje? Du veeeeit kven han mannen er, veeeit du ikkje? Så berre ventar han på at du skal seie, nei, john, det veit eg ikkje, sånn at han kan forklare. Ekling.
Men det var altså religionsdiskusjonen, der John mente islam berre var ein kristen sekt, osb, der eg til slutt sa:
JOHN! Eg er IKKJE INTERESSERT i å diskutere med deg, av di dette ikkje handlar om å diskutere, du er ikkje despor interessert i å høyre kva eg meiner, BERRE I Å VISE ALT DU KAN! Eg er ikkje samd, og denne diskusjonen, som dei fleste andre, hev INGA FRAMTID.
John klaga over korleis det var så dyrt å leie film for 60 kr, og var eigentleg ikkje interessert i å hørye at ingen andre tykte det var dyrt i det heile, eller å kome med alternativ. Spesielt provosert vart eg av det faktum at han kjøper mat fuckings heile tida, alltid skryt av kor mykje pengar han får av foreldra sine. Så snakkar han om at å kjøpe ein film til seksti kronar (fordelt på fem mennesker..!) var for dyrt!! Utan å kome med alternativ.
Då kan jo du godt berre ikkje vere med då, John, sa eg. Utan eit snev av ironi i stemmen.




desse har kviskra