eit dokument med 86 sider omlag 13500 ord fordelt over prosadikt og lyrisk kortprosa skal på mystisk vis forme seg til ei bok og forfattaren sit i denne augneblinken og drar seg i håret gøymer andletet i hendene medan sambuaren til forfattaren roper frå andre enda av bustaden og spør om ikkje forfattaren kan kom hit eit sekund vere med å henge opp klede
ein draum i hendene
13 Sepi hendene dine
mot hoftene mine
ligge ein draum
bankande
og rytmen skal spreie seg
gjennom skjelettet
til brystholen
der ho skal finne
ressonans
-
eg haldt boka mi i hendene i dag for første gong
og det var draumen eg haldt i hendene
vonar røynda vil vere grei med han
om tru og tvil
15 Sepi går var eg på møte og fekk høyre kva alle dei tre fine folka hadde tenkt om manuset, og det var mykje lurt og fint, og eg fekk med meg heim to diktsamlingar til å ha, og ein punktroman til å låne, og eg har berre lyst til å forsvinne inn under eit ullteppe med desse, lese dei, drikke te eller kakao, sjå ut
kanskje ta ein tur i parken, eller i skogen, finne litt sopp, samle litt tørre blader, kjenner sola på nasen og regnet på augnelokka, kome attende, lese, under teppe, drikke te, kaffi, kakao, forsvinne litt
om dagane et eg nesten berre wasa havre, utan noko på, for det er som om eg aldri klarar å avgjerde kva eg vil ha, kva eg vil ete, og at alt kjennest litt framandt og rart ned i halsen, og eg blir uvel, og derfor blir det berre havre, berre wasa havre, som er knasande og sprøtt og som gjer ein god og mett i magen
eg har skjønt at det er tvilen som gjer meg uvel, tvilen og redselen, for det kan vere skummelt å skrive, skummelt å vise, skummelt å få attendemelding, skummelt å måtte stryke, endre, skrive på ny, stryke
og det kjennest som heile boka, og trua på boka, er som ein einaste bilulukke som stadig skjer igjen
alt må knusast og limast saman igjen, knusast og limast saman igjen
for av og til er det berre som om ein må lengre inn, lengre ned og eg ser føre meg at eg er ein fridykkar, og at ein plass nedi djupet finnest det ein fantastisk hole, og til den hola skal eg ned, eg berre må ned, eg skal det
men klarar eg det, klarar eg å trekke pusten, symje stødig ned, held det, er det nok oksygen, har eg nok krefter, har eg nok vilje, vilje til å halde fram, og når eg kjem der, når eg når det, om eg når det
vil eg bli nøgd
vil det vere verd det
vil det vere verd alt
-
og når eg tenkjer på det tenkjer eg på paul, når paul i sesong to av in treatment vil slutte som terapeut fordi han ikkje trur det han gjer lengre er bra, eller kanskje ikkje trur det nokon gong har vore det, då seier gina til han, tenk på det ei veke, lat som om det du gjer er bra
og det gjer han og det gjer eg no, eg latar som om all skrivinga er til det betre, eg latar som eg trur eg vil kome fram
så vonar eg at eg har rett
kanskje til og med trur eg det
om å bli litt større, litt tryggare (og litt om boka)
29 Augi dag har eg hatt ein av desse dårlege dagane, ein av desse dårlege dagane eg trur vi alle har med jamne mellomrom, der det er umogleg å få gjort så nært så nokon ting, der ein berre blir ruslande rundt i leilegheiten utan å klare å bestemme seg for kva ein skal gjere, kva ein skal ete, ikkje ein gong kva film ein skal sjå
ein blir tuslande rundt og drikkande på tekoppar, surfande på veven og plutseleg har dagen gått
og det kunne ha vore skikkeleg deilig hadde det ikkje vore for det dårlege samvitet
det dårlege samvitet som seier at eg eigentleg burde ha gjort noko produktivt
men eg er blitt litt større, litt tryggare
og ein del av det er å tenkje søren heller, det går fint
å legge seg ned på golvet når ein ikkje aner kva ein skal bruke dagen til
berre legge seg ned på golvet og puste
kjenne korleis heile kroppen ligger der, er avslappa
tenkje
oki, om eg treng denne dagen til å berre vase rundt
så får det vere ok
-
eg har ikkje skrive så mykje om boka mi, men eg tenkte eg kunne skrive litt no. boka som skal kome ut på samlaget heiter fram og er ei narrativ diktsamling. at ho er ei narrativ diktsamling tyder at det er ei historie som spring gjennom heile boka, med to personar, frå byrjing til slutt. det er tre delar i samlinga, som heiter attende, inn og fram, der vi får sjå tre delar av historia.
og kva er historia? historia er om to menneske og ei ulukke, det er historia om å flytte saman og om å måtte vere åleine, om å gje nokon ein plass og om å måtte fylle denne med noko anna etterpå. det er historia om å bli skada, om å lengte etter den som kunne støtte deg, om å finne ut at denne er enno meir skada enn deg. om å sitje ved ei sjukeseng ved sida av nokon som kanskje ikkje vaknar.
det er historia om å skulle gå ut for å symje, å gå nedover toftesgate ein sumardag då ein raud bil rundar hjørnet, om å bli treft av skjebna, om å hugse, om å gløyme
at ingenting heilt blir det same
men at at går framover likevel
om å vente på eit møte som skal finne stad
24 Aug(medan du les kan du høyre på litt ventemusik om du vil? spotify-speleliste )
å vente er både det verste og beste eg veit, eg både gler og gruer meg med heile meg, og eg elskar det, å gå og vere spent i dagesvis, vekesvis eller månadsvis. eg trur eg alltid har vore sånn, når eg var lita tykte eg ofte til og med det kunne vere skikkeleg keisamt når det eg venta på skjedde. etter å ha gleda seg så lenge… kjem det lett eit antiklimaks. men det tydde liksom ikkje så mykje, for eg koste meg med gledinga, heile tida.
det er ikkje berre ting eg gler meg til, eg gler meg til årstidar, høgtidar, helgar, ferier, vekedagar, førelesingar, bøker, filmar, konsertar. gaute har aldri heilt skjønt det der, og spør ofte kvifor eg gler meg til noko som uansett skjer. men det er litt poenget tykkjer eg, når det kjem uansett kan ein jo like gjerne gle seg.
for det er godt å gle seg. og å vere spent. som når ein skal på date etter å ha hatt ein bra date, eller skal på eit seminar der kanskje han er, eller når ein skal på andre møtet med samlaget for å diskutere det vonleg forbetra manuset.
det skal eg. og eg er nervøs kan du sei. kjem dei til å like det dei les, om dei kjem til å tykkje det er betre, verre, klart eller om det står mykje igjen.
sist eg traff redaktøren var han sjukt entusiastisk, og vi snakka om kva som kunne bli betre. eg vonar eg klarar å fikse det, sa eg då. det er eg sikker på at du klarar, svarte han.
møtet er om to veker. så då er det berre å gle meg, grue meg og vere så spant eg berre vil. inst inne trur eg at det nok går bra. det gjer vel det, gjer det ikkje?


desse har kviskra