Arkiv | gjendikting RSS feed for this section

hjartenøstet

29 Okt

når du er borte
losnar hjartet, løysast ut
som eit nøste
ein ball av garn
fanden tek det
med eit smil
vår elsk, vår kjærleik
i ein ball av garn
for kvar ein vri
kom attende
vi må elske på ny

han frir oss aldri

for kvar ein vri
kom attende
vi må elske på ny

jag!

30 Jan

tromma til brystet, hjartet i marsj
fort må eg måtte følje, må gå i takt

bambarara bambarara
bambarara bambarara

slaga mot brystet, rappar meg fram
heile meg dirrar, skinnet strekt stramt

bambarara bambarara
bambarara bambarara

kan hjarte slå gjennom, kan hjarte nå fram
kan bankinga bryta all stille med bram

bambarara bambarara
bambarara bambarara

om rytmen skal stilne og alt stå i ro
så vil eg bankast og beve her no

bambarara bambarara
bambarara bambarara

-

om ferda er søken
og heim det eg fann
eg kan ikkje stoggast
eg held fram

eg vil jage
eg er ein jeger
eg bring byttet heim

å ønske fridom organisert
kor skandinavisk av meg
du snuste du fram, snuste du

du kjende lukta
og forlet meg igjen
for å fullende kallet
alt forlet eg igjen

eg vil jage
eg er ein jeger
eg
vil jage
eg er ein jeger

eg er
ein jeger
eg er
ein jeger

Dear Darkness (gjendikta)

16 Jan

gode mørkre
kjære kom
kom kringom meg
igjen

kjære mørkre, gode
eg har så lenge
så lenge har eg vore
din ven

så gjer dette for meg
kjærast mørkre kom
å kom kringom kom
kringom meg
igjen

stel meg frå sola
for orda dei strammar
orda dei strammar stramt
kringom halsen

rundt halsen hans, å, høgt elska
strammar dei, strammar dei
rundt halsen hans, å høgt elska
strammar dei, strammar dei

Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.

Join 513 other followers