eg skriv masse for tida, dikt og artiklar, notat, oppgåver, essay og prosastykke, noko til bok, noko til blad noko til ei anna bok kanskje og medan eg skriv på alt dette klarar eg ikkje å skrive her òg, for eg veit ikkje heilt kva som høyrer heime her og kva som høyrer heime andre stadar
dessutan har døgeret litt for få timar for tida, eg sit opp til klokka ti eller halv elleve og arbeidar, er på blinder om dagane og drikk sikkert alt for mykje kaffi med fine folk, for eg får ikkje lese det eg skal, men det er sikkert greit, for folka er så fine, og det er så mykje anna eg får gjort, så då må det vel berre bli sånn
men noko har eg lyst å dele likevel, og det trur eg at eg vil prøve på å gjere litt oftare, for eg ser igjennom ting for tida, eg ser igjennom ting eg har skrive for fem og seks år sida, og det er lenge, og eg kan bli heilt sjokkert over at eg har skrive så mykje, så underleg og fint og klisjefylt, så lenge. og nokre av desse tinga tenkte eg at eg kunne poste her, desse gamle tinga som ingen har sett på hundre år (eller fire-fem), mest fordi det kjennest godt, for min eigen del, litt for å sjå klisjeane, det store overmotet, men samstundes å finne attende til noko av det eg var, nokre ord og rytmar som har forskyvd seg, forsvunne
-
i høstmørket er alle bladene røde
# Lagt inn: kl. 20:44 – 19.10.06
# Sist endret: kl. 16:52 – 23.10.06
utenfor rusker vinden i trærne og
store hender griper tak i håret mitt
haler, drar vi prøver å
holde fast, rake bort, dra av gårde,
skypumpen pumper jeg stryker deg
ut/over kinnet, før jeg våkner/drar videre
og forsvinner
i mørket
er alt håp inne, igjen en krittstrek på tavlen, ute
vått glatt løv på asfalten, du glir/glir du
bort mellom fingrene mine, jeg glipper, faller, vi
løftes tilbake og virkeligheten
presser på, inne i rammen glemmer jeg deg,
å puste, å puste
er å la gud blåses ut i dette store, vi tror
er en høststorm.
vi vil virvles opp i/vi vil drives
bort i, i stykker, drivved disse grå høstdagene
i fjæra/ vi
klorer oss fast i hverandre og skriver,
kjærlighetsbrev eller at
at vi vil ut, mest av alt vekk
fra dette stedet, listingen mellom dørene
det hvite stramme sengetøyet, dette
vi liksom
deler sammen, aleine, for vi har dratt
fra kaiene, havene, i en morken robåt
når du kjenner huden er slitt ned på innsiden av hendene
vet du
at dette jo mest av alt er kroppsspråk
at vi åpner lårene for hverandre
og musklene strammes; etterpå litt slitne
sammen, å igjen skjelve
litt, som aspeløv,
en varm oktoberdag
å vente
å vente på hva


desse har kviskra