celler, rørsla til celler og delinga av celler
og sidan den allmenne bankinga i krinslaupet
og hender, og kropp, og føter
og hud som omlsuttar hender, kropp, føter.
Dette er ei form,
ei form av bakande blod og celler som deler seg
(Juliana Spahr, Alle med lunger kopla saman)
-
Eg les Juliana Spahr og kjenner det i kroppen, eg skal skrive sjølv, om hjarte som opnar og lukkar seg, om det fine netter av elektriske signal som breier seg gjennom muskelen, eg skal skrive om dei forskjellege nervesystema og cellebiologi, om ATP, DNA, RNA og enzym, om bakterie og virus, alle dei små bitane av yrande liv som gjer meg og deg til menneske


desse har kviskra