Arkiv | mote RSS feed for this section

a love supreme

27 Nov

over heile golvet er det folk
slengt mellom tepper og puter og gjennom høgtalarane
straumar det raudvin over
dei blå lippene
musikken er mjuk, som huda di
som ligg inntil meg, fingertuppene
stryk meg
over panna

og dette er hender og føter som er alle sine
huder mot huder, puls mot puls
er kopla saman, vi puster
og smila som sprekker er lyden
vi lagar vi seier dette
dette er sånn som berre kan skje på natta
med lukka auge

saksofonen, stemma di
kinnene når du smiler
håret ditt når du ler

du er borte no

19 Okt

denne røyken
som fyller loftsrommet
du sitter under vindauga
du som bles over andletet
mitt ein dag
regnar det og eg blir våt
som før eg låg meg
i senga di, før
vi gjekk gjennom byen

før

du røykte meg ut
og deg inn, og alt
som var vått og lukta og lukta
ho forsvinn ikkje og regnet
det tørkar ikkje inn

Leonard Cohen. Ei speleliste og nokre dikt

20 Aug

du
stemmen din har berre blitt mørkare
og eg veit du har mindre hår no enn før
men hendene dine
er like faste

om hoftene
er hendene
like faste
når eg lukkar augo
tar du av hatten
er eg forsein no
spør du

-

Eg elskar dikt, eg elskar musikk og eg elskar Leonard Cohen, både musikken han lagar og tekstene han skrive. Heime i karmen ved senga har eg i lengre tid hatt Book of Longing, ei av diktsamlingane hans. Eg har teke fram boka, og lese litt her og litt der før eg har sovna heller før eg har vakna. Og boka er perfekt til nett det: Full av alt frå dikt i bunden form til kortprosa, små teikningar og dikt i løkkeskrift er ho eit samansurium av brotstykke. Mykje om kjærleik, men mest om lengsle.

Litt som musikken hans. Om du vil kan du høyre mine favorittar her!

Under har eg delt nokre av dei dikta som eg tykkjer er finast. Nett no.

-

Mission
I’ve worked at my work
I’ve slept at my sleep
I’ve died at my death
And now I can leave

Leave what is needed
And leave what is full
Need in the Spirit
And need in the Hole

Beloved, I’m yours
As I’ve always been
From marrow to pore
From longing to skin

Now that my mission
Has come to its end:
Pray I’m forgiven
The life that I’ve led

The Body I chased
It chased me as well
My longing’s a place
My dying a sail

Need The Speed
need the speed
need the wine
need the pleasure
in my spine

need your hand
to pull me our
ned your juices
on my snout

need to see
i never saw
you need for me
your longing raw

need to hear
i never heard
against my ear
your dirty word

need to have
you summon me
like moon above
the gathered sea

need no know
i never knew
the tidal tow-
ing come from you

need to feel
i never felt
your magnet pull-
ing at myself

now it fades
now it’s gone
hormonal rage
unquiet song

The Paris Sky
The Paris sky
is blue and bright
I want to fly
with all my might

Her legs are long
her heart is high
The chains are strong
but so am I

Why I Love France
Oh France, you gave your language to my children, your lovers and your mushroom to my wife. You sang my songs. You delivered my uncle and aunt to the Nazis. I met the leathered chests of the police in Place de la Bastille. I took money from the Communists. I gave my middle age to the milky towns of Luberon. I ran from farm dogs on a road outside Rousillon. My hand trembles in the land of France. I came to you with a soiled philosophy of holiness, and you bade me sit down for an interview. O France, where I was taken so seriously, I had to reconsider my position. O France, every little Messiah thanks you for his loneliness. I want to be somewhere else, but I am always in France. Be strong, be nuclear, my France. Flirt with every side, and talk, talk, never stop talking about how to live without G-d.

fine, fine sundag

28 Feb


(her er alle min sundagssongar!)

eg elskar sundagar då ein vaknar opp med rester etter menneske og kjærleik i huset
sundagar der ein står opp kjempeseint men der ein lister seg likevel
av di nokon kanskje framleis søv

der ein kan lage seg ein heil kanne med te sjølv om ein er åleine
av di sundagen er endeløys
full av sundagsmusikk
og fine ord

har du ein fin sundag?

laurdag og snart vår

13 Feb

alt som gjer meg glad:

- å få sola på nasen medan eg ventar på bussen og høyre fuglesong
- i innsjå at det er første gong på lenge eg høyrer fuglesong
- at det er første gong på lenge at eg har hatt sola på nasen i den dumpa busstoppet ligg
- vetlesøster s på fire år som møter meg på flyplassen med perlepusla hjartet, bursdagsmuffins og bursdagsgåva ho har fått av meg av men enno ikkje opna
- å gå opp på fløyen med ei fin lita mus som er både tøff og slapp og heile tida må lokkast med kakao og vaffal på toppen
- å sitje i sola på fløyen og sjå at ho er ganske høgt oppe sjølv om klokka er tre
- å fyke ned svingane med søster kvinande mellom beina
- å få snøen virvlande opp i andletet
- å kome heime med raude kinn og ete skiver
- ta seg ein dusj og kjenne det varme vatnet som renn ned over rumpa som er kald etter all rumpeakebrettakinga
- å etterpå skrive rumpeakebrettaking
- å vite at det snart blir ol-sjåing i sofaen hos mamma

og sist men ikkje minst, å vite at det blir lysare og lysare. eg har gleda meg lenge til det blir vår. g forstår ikkje korleis eg kan glede meg til det blir vår. for det blir jo vår kvart år seier han. men det er jo nett det seier eg. det er jo kjempefint å glede seg til våren for våren kjem alltid, og det er jo supertfint. og i går kjøpte eg meg ein småblomstra stilongs og eg elskar småblomstra klede, så det er ganske det siste:

- å vite at det snart er klart for å ta på seg blomstra sommarkjolar, til dømes ein av desse:

kva gjer deg glad på ein laurdag? kva gler du deg til?

THE BLONDES! :D

2 Mar

Eg har fått nye favorittdesignare: The Blondes! Fy, så fantastisk, fargerikt, fantasifullt og fandenivoldskt! Åh, ja! Dei er så overdådige, som berre gammel Galliano for Dior kunne vere. Her er nokre bilete frå vår/sumarkolleksjonen deira:

Dette biletet er nytta som framside for heile kolleksjonen. Det er så rosa, så fantastisk, rett og slett for overdådig, for mykje, humoristisk, ironisk. Kvinneleg som berre ein mann kunne lage det.

Her er nok eit bilete som visar noko av det same: Ei kjole laga som var ho av gåvetråd. Det er så enkelt, så utruleg fantasifult og så overdådig. Det er så chic, det er så overskridande på same tid. Det er smart, ironisk, hept og moro.

Her ei ein av mine favorittar frå denne kolleksjonen: Denne enkle men akk så utruleg fine kjola. På ein eller annan måte klarar The Blonds alltid å unngå at det blir for mykje. Det er ikkje overlessa, det er berre så uendeleg elegant. Dei lagar klede som er fulle av VIDD. Ja, du leste riktig. Det er så gatesmart, så bare det at. Denne kjola er provet. Enkel, nydeleg, elegant. Kven trenger smykke når ein kan gå med sånt?

FAB, FAB, FAB!

det skal faen ikkje vere behageleg å vere kvinne

3 Feb

pradasko

Kvinneleg identitet er knytt til kjensler og smerte. Det skal faen meg ikkje vere behageleg å vere kvinne. For vi lev framleis i eit samfunn der det kvinnelege er knytt til det vene, og der ein som kjent må lide for venleiken. For, når såg du sist ein mann med korsett? Når såg du sist menn i sko som kunne brekke anklene deira? Eg har i alle høve ikkje sett det.

Kvinna har eit andsvar for den estetiske moral. Ho skal sørgje for at noko framleis er vakkert i eit desillusjonert samfunn. Om det er huset, kroppen, kunsten, andletet eller borna hennar har ho eit andsvar for det vene. Kvinner kan ikkje skrive grotesk, det er eit brot på det kvinnelege.

Sette på spissen kan ein seie at den desillusjonerte mannen går ute i den kapitalistiske verda, kjempar om makt og trampar på dei han må for å kome seg opp og fram, for å forsøgje eller kome i ein possisjon til det. Eg trur det framleis er sånn menn i større grad enn kvinner imponerer ved å ha ein høg stilling med makt. Samstundes er heimen framleis kvinna sitt andsvarsområde, det er i stor grad ho som har andsvar for venleik, og ikkje minst kos.

“Eg byggar faen ikkje pepperkakehus, for det er HOMO!” Sitatet kjem frå eit kaffibesøk eg var i. Det var tre par mellom tjue og tredve som var det, i tillegg til meg og venninna mi. Eg spurte og grov litt, av di eg tykte det var ein underleg yttring. Men bygging av pepperkakehus så eg, det har jo litt tilfelles med både arkitetur og byggingsverksemd, og det er vel ikkje særleg homo? Nei, måtte mannen medgå, det var jo ikkje eg. Eg trur, framhald han, at det kanskje er dette med pyntinga. Pynting er altså homo. Av di det er feminint.

Dette kjem kanskje ikkje som noko overrasking. Spanande var det at alle mennene rund sofabordet var samde i at om dei hadde hatt born, og pynta med og for borna, då var det greit å lage pepperkakehus og pynte og greier. Det var altså pyntinga for sin eigen del som var et femenine eller homofile.

Som far har ein altså lov til å vere feminin, til å pynte, og ein kan altså då ta del i andsvaret for venleik, og i venleiken. Kanskje er det av di ein ved å lage barn har ein gong for alle bekrefta at ein er Mann med stor M, og på ingen som helst måte homofil. Kanskje er det på tide å setje alle gifte menn inn i korseter og på høge helar, og la dei lide litt for venleiken dei òg. Når vi uansett har fått etablert at dei ikkje er homo liksom.

statusposer

22 Nov

du merker det fort når du kjem til russland og tek metroen
kvinnene og statusposene
statusposer er ekstra fine slash ekstra ekslusive poser som russerane tek vare på, og brukar om og om igjen, noko dei ber preg av etter ein stund
sjølvsagt, hakket over statusposene står statusveskene, men det er eit anna kapitel

Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.

Join 513 other followers