
eg har tenkt over dagane, og vekene, og alle dei kompromissa som skal til for tida; eg kallar det kompromiss. kvardagen er oppslukt av alle dei små gjeremåla, alt eg må passe på, for å ha det bra. passe på at eg et, med jamne mellomrom så eg ikkje skal bli fortvila, å drikke likeså. passe på at eg for kvile, slappe av og samstundes lese, nett nok, til at eg klarar å halde meg ajour med dei tjue studiepoenga eg tek, så eg ikkje blir stressa og fortvila, eg må passe på at eg kjem meg ut, passe på at eg får møte vener, ikkje for mange i slengen, ein her, ein der, passe på at det ikkje blir for mykje, at eg ikkje blir sliten, ikkje for lenge, passe på at eg går heim, ikkje for seint, så eg kan legge meg tidleg nok til å søve, søve dei tolv timane eg treng for at eg skal klare dei neste tolv i vaken tilstand, utan å vere redd for å briste
det kjennest som eit kompromiss, for det er så mykje eg heller ville gjere; studere tusen ting, finne ut det som er å finne ut, om heidegger, habermas, gadamer, om sarte, beavoir, iragaray, kristeva og butler, derrida og foucault, merleau-ponty eg vil skrive ferdig diktsamlinga, ein roman, byrje på ein masteroppgåve; sakte men sikkert byrje å finne ut av det, ut av noko, sakte med sikkert setje ord på mysteria som ligg som tung tåke i brystet, dette som er viktig, kvifor skriv menneska, kvifor skriv eg
ikkje bry seg om kvardagen, kva er det å ha det bra, heller finne ut av det, den eksistensielle smerta til sarte, kanskje er det der det er noko å utrette, ikkje i dette, i det som forsvinn mellom dei tusen omsyna eg må ta for å heile tida halde meg i balanse
(kristina tenkjer som karl ove 1: kampen mot kvardagen)
-
av og til må eg slutte å lese. av og til blir eg så oppslukt av bøker at eg berre må samle opp all viljestyrke og legge dei frå meg, for ei tid. elles kan det gå gale. eg kan lese tusenvis av sider i strekk, berre pause om blæra mi held på å sprekke, eg, som elles nyttar så mykje tid på å tenkje på, lage og ete mat, kan gå i dagevis nærast utan å få i meg ei beta. eg har ofte lurt på korleis det går til. eg har lese meg sjuk, meir enn ein gong. vore i transe i så mange dagar at eg har kome ut på andre sida med feber. bøker kan ta over meg. som kvite niggarar av ambjørnsen haustferien då eg var tretten. når eg hugsar attende verkar det som om det var mørkt fire dagar i strekk. eg trur eg var erling haefs desse dagane, eg budde i bergen, eg eksprimenterte med narkotika, eg skreiv, eg var på veg ut for stupet. sjølvsagt var eg ikkje erling haefs, det visste eg jo godt. eg visste at eg var meg, kristina. men det var berre som om eg hadde fått alt erling haefs var, gjennom boka. at heile erling, hans humør, desperasjon og kjensle av å stå utanføre samfunnet hadde sklidd inn i hovudet mitt og var der dei fire dagane eg las boka. heldigvis ikkje lengre.
på same måte kunne eg skli inn i kva det skulle vere. og kome ut igjen noko rufsete på sida. kven vil vere hovudpersonen i brotsverk og straff? likevel vert det umogleg å ikkje lese. og eg visste jo at magien blei broten når eg var ferdig, når eg la boka ned. frå å vere ei eige verd der eg var eit heilt anna menneske, ei verd som så lenge ein las var parallell med denne verda, blei boka berre ei bok, i papp og papir eller litt meir, meir eller mindre kvite sider med små snirkla svarte bokstavar, som var nett det, svarte bokstavar, og heile verda og det menneske eg nett hadde vore på innsida av eller rett og slett nett hadde vore, var borte.
og nett det har alltid fascinert meg, korleis ei bok kan vere ei heil verd når du les henne, og så plutseleg, berre vere ei bok igjen. korleis kunne det gå an?
på eit eller anna vis har eg fått svaret. på eit eller anna vis har eg fått svaret. det siste halve året er det nemlig sånn at eg blir infisert av bøker. og mot det nytter det ikkje med tamiflu. det byrjar gjerne med at eg er litt sliten. så blir eg gjerne oppslukt av ei bok. på eit eller anna tidspunkt byrjar hovudpersonen å skli litt over i meg. så når eg tenkjer over rare ting som livet mitt, som meinig, som samfunnet og språk, så tenkjer eg plutseleg noko som er veldig likt hovudpersonen sine tankar. utan at eg er klar over det. etter ein stund kan eg kjenne det igjen, og tenkje, steike, no tenkjer eg som karl ove knausgård. det er kanskje ikkje så bra.
for det er ikkje berre tankar og analyser. det er kjensler, von og desperasjon og det spring frå boka inn i meg. det er jo litt greit, så lenge ein les. men så må det slutte. kven er det som vil gå rundt å vere karl ove knausgård heile tida? når verda allereie har ein som slit nok som det er?
då gjeld det å lukke boka, lage seg ein kopp kakao og kvile litt. la bøker vere bøker. sjå seg om i stova. kysse han fine som kanskje sit og jobbar med ein komposisjon, han vil sjå opp, stryke meg over kinnet og spørje korleis det går og eg vil susse han igjen, kanskje på panna og seie betre, no.
desse har kviskra