Arkiv | historier RSS feed for this section

(kvardagen)

5 Mai

Eg går nedover Toftesgate mot Birkelunden, på eit tidspunkt der det er drittfullt av biler, på ein dag der det er sol og sånn tørt over alt sånn at ein kjenner støvet på innsida av ganen og nedover halsen, det er ein sånn dag eg går nedover Toftesgate mot Birkelunden, eg harkar, for dette støvet, dette støvet er på innsida av halsen. Det sit folk i biler i heile gata og dei sit der med opne vindauge, hendane hengande ned langs dørenen og eg tenkjer det må vere varmt inni der, og det er det sikkert for dei sit der med irriterte uttrykk og vil vidare, vidare, fram. Men dei sit heilt stille gjer dei, i bur av raudt og grønt og grått og blått og støvet det legg seg utanpå bilane, legg seg inne i bilane og kanskje på innsida av hovuda til dei som sit inne i dei raude og grøne bura sånn at det blir som sandpapir der og kanskje er det dette som førar til at dei tutar ekstra høgt i det eg går over Toftes gate mot Ringen Kino der dei nett hadde ein plan om å svinge opp får Sannergata. Kanskje var det støvet på innsida av hovudet som gjorde at det liksom raspa i hovudet deira og dei tuta. Kanskje skal dei heim til hagar med damer i bommulskjoler og brune legger med små sorte stubber ein så vidt kan kjenne om ein stryk handene over leggene deira. Kanskje er det to barn som spring rundt i hagen og som kjem til å rope «Pappa!» i det du kjem inn i hagen, springe mot deg og vente at du skal løfte dei opp og snurre dei rundt i lufta, kanskje har dei nett ått saftis og har saftis over heile seg og nett det er grunnen til at du ikkje gjer det, for du har framleis dressen på frå jobb, denne tronge svarte dressen som er alt for varm i dette veret, men det er jo litt fint tenkjer du for då er det i alle høve verkeleg godt å kome heim å skifte til eit mjukt, lett, naturleg stoff, som til dømes lin, ja, du skiftar til lin, ein kvit teskjore i lin og skjorts i kaki med brune skinsandalar som du berre nytter på fritida. Og du er ein annan mann her tenkjer eg, her har du ikkje så mykje sand på innsida av hovudet, her er du kanskje ikkje så sinna tenkjer eg, eller vonar, for eg vil ikkje sjå for meg mannen som tutar ilter med familie, det har eg i grunnen ikkje lyst til, om du er sånn til vanleg òg, om du er sånn heime har eg meir lyst å seie til helvete med deg. Men om du er sånn no av di du eigentleg ikkje likar deg her, om du er sånn av di du kjenner det som om du må uthalde alle mulege ekle ting her ute for å kome heim til deg som du likar, der du er eit menneske du likar og om denne limboen gjer deg kvalm, sjuk og full av sjølvforrakt, vel, då kan eg unnskulde at du tutar på meg i det eg forsiktig spasere på grønt lys over fotgjengarfeltet i toftesgate. Då kan eg stå framfor Ringen Kino og vente på grønt lys så eg kan krysse Sannergata, eg kan stå her og vente og vona at du kjem heim og at du ikkje tutar å bråkar der, men at du smilar når du ser ho og at du etter å ruska i håret til borna dykkar går bort til, kyssar ho i nakken og stryk ho over krossryggen, oppå bomullen, nedover mot setet.

(noko har tatt plass)

21 Apr

Eg held på meg ei historie. De har fått utdrag frå ho i dei to postane under. Her kjem ein del til:

-

Eg prøvar å sjå for meg kva som skjer. Det er så viktig med alle detaljene. Eg sit i den grå hjørnesofaen i den lille stova til Heidi sine foreldre. Vi må ha vore ein del folk, Heidi sa at det hadde vore den vanlege gjengen pluss nokre av venene til Nils der. Ingen av oss var særleg pynta, ikkje eg heller, jeans, ei korterma, innsvinga skjorte, eit halskjede. Eg brukte den rosa lippeglansen, det hugsar eg, at eg låg ho i veska. Eg må ha satt sånn, i sofaen til foreldra til Heidi. Lett foroverlent. Kanskje i diskusjon, men nokon, kanskje i med store gestar. Kan det ha vore når eg diskuterte formålsparagrafen med Kjell-Inge? Eg prøvar å hugse. Eg hugsar ikkje. Det var han som fortalte det til meg på skulen på fredag.

Eg lurar på kva tid han kan ha sleppe det ned i raudvinen min. Eg lurar på kven som kan ha sett. Kva gjorde eg, kven snakka eg med? Satt han ved sida av meg den kvelden? Var det han eg snakka med?

Kanskje er han ein eg kjenner. Kanskje var han liksom den som tok andsvar, når eg var alt for full, kanskje var han den som bærte meg inn på soverommet til Lillan, lillesøstra til Heidi. Kanskje henta han ein bøtte, sa eg måtte spy. Kanskje var han den som tok vare på meg. Kanskje låste han døra. Kanskje var det ingen som skjekka. Kanskje er han venen min,

For han må vere nokons ven. Nokon kjenner han. Han er nokon søn, nokons ven.

Eg ser korleis han ser på meg når eg ligg der, neddopa. Søv eg tungt, klynkar eg som i svevn? Kva tenkjer han? Er han nøgd, over at han har klart det? Er det første gang? Er han berre kåt? Tenkjer han på at han har lurt alle dei andre?

Eg ser korleis han fiklar med bukseknappa mi, drar ned smekken. Eg ser korleis han brukar god tid, eg ser korleis han nølar, eg ser korleis han er sikker. Han drar buksenen mine ned mot knea, han stryk dei solbrune henda sine over dei kvite låra mine. Nasen hans ned mot lysken. Han dreg inn lukta av hud.

Eg kan sjå føre meg at han gjer dette for å få nærleik.
Eg kan sjå føre meg at han gjer dette for å få makt.

Han river av trusa mi. Dette veit eg. Han nytta ikkje glidemiddel.

Eg lurar på kva han gjorde når han var ferdig. Eg lurar på kvar han spruta. Inne i meg? Randt det ut på sengetrekket? Eg lurar på om Lillan veit kva sperm er. Eg lurar på kva som skjedde om ho oppdaga det.

Scenario: Pappa, kva er dette? Pappa, det er berre noko skit. Heeeeidi! Kva er det du gjorde i helga? Ingenting spesielt? Ånei. Har du kjæraste.. Osb.

Eg lurar på om eg vil at nokon skal vite om det. Eg veit eg veit eg vil han skal vite at eg veit det.

Eg veit eg har lyst til å ta han.

(det byrjar)

20 Apr

Ved dei første riene er du framleis i fornekting. Når vatnet går byrjar du å grine. Oversøstera med dei store, brune hendene stryk ho over den kvite, mjuke sjukehuskjortlen. Dette går fint seier ho. Du kjem gjennom dette, det kjem til å gå bra. Det er likevel først i det du byrjar å revne at du forstår det. No går alt i stykker. No er det ingenting meir å leve for. Etterpå spør dei om du vil halde ho. Du ristar på hovudet. Du kan ikkje sjå det.

Her kjem mor vi til verda. Kanskje trur ho at denne historia kjem til å handle om ho. Kanskje såg ho ned frå himmelen eit lukkeleg par ein septemberdag i ei park ikkje så langt frå themsen, kanskje tenkte ho dei, dei ser lukkelege ut. Og det skulle liksom det, det skulle ha handla om ho. No handlar det berre om bortstykke. Det er øydelagt.

Dagen alt blir øydelagt på er tjuetredde juni. Midtsommarnattskvelda på sjukehuset på Trollhattan i Sverige. Agnete. Det er det som står på fødselattesten hennar. Oldemor konstaterte at du i grunnen hadde vore heldige; jenta er trass alt frisk, og brune auge og brunt hår ikkje var så veldig uvanleg i familien. Det kunne ha vore kven som helst som var faren. Ingen trengte å vite. Du må ta deg saman, forsøke å gløyme no, kviskra dei til deg. Du må gløyme han. Du er ei mor no.

Ikkje mange dagane etterpå reiste de attende til Bergen. Du er inne dei fleste dagene den sumaren. Du må kome deg etter fødslen, seier dei til nære kjente. Når folk i nabolaget spør om korleis det går med Bjørg til Iversen er det fleire historier ute og går. Kanskje er ho framleis i England, nokon fortel at ho hae møtt ein rik sjeik frå Arabia, og atter andre trur ho er komen heim, men ligger inne med tæring. Når nokon spør Oldemor om korleis det går, svarar ho berre kort, at jo takk, det går fint med Bjørg. Joda, det gjer det, seier ho medan ho legg varene ned i nettet på butikken som er nede i svingen, før ho skyndar seg å spørje det som kan vere Fru Hansen om noko anna, noko som har med ho å gjere, for ho veit at folk, folk likar gjerne godt å snakke om seg sjølv. Og Peder Emil, seier ho, korleis går det med han? Eg høyrer han har starta opp sitt eige føretak?

Du ligger der inne Mormor du ligger der inne, på soverommet i Søndre Skogvei. I den store eikesenga til Oldemor og Oldefar, den som Oldefar har laga, den kraftige senga, store. Du er fortøyd der den sumaren, det kvite sengetøye som sjøen rundt deg, med kvite bølgjetopper. Det er her du er, i dette gule rommet, ligger du og ser lyset som kjen inn i strimlar inn vindauget. Det finnest ikkje noko annan stad å berre vere, og det er det du gjer. Av og til ser du støvet virvle i lyset, i skjeglane av lys som har brote seg gjennom skylaget. Denne morgonen har Oldemor vore inne tidleg for å opne vindauget, sleppe inn litt luft. Luft! Du pustar inn og kjenner at det sumar, den halvlumre sumarlufta som angar av blomer og nyklipt gras. Sumar. Det er tidleg i juli, gardina blafrar forsiktig i vinden. No Oldemor ein annan plass i huset. Du kan høyre skritta hennar over hovudet. Over golvet, fram og attende. Du ser ut vindauget, ut mot hagen, trea og byen som ligg nedover fjellsida.

Du får ikkje mat inn på rommet lenger. Oldemor meiner det er på tide å stå opp. Du må byrje å leve igjen, Bjørg seier ho, og stryk deg over armen. Verda har då trass alt ikkje gått under heller. Men du, mormor du ligger, og ligger. Det er så deilig å kjenne seg nummen, det er deilig å kjenne svolten i magen og kjensla av å vere tom. Du ligger der i senga og pustar, det er ikkje mykje anna du gjer, pustar med lukka auga, puster med opne auge som saumfarar taket etter ringer, du ser ringene som breier seg i taket over deg og du pustar, lukkar auga igjen. Der i senga, i sengety som blir meir og meir krøllete rundt kroppen din. Sumaren. Du ligger der heile dagen og ser lyset som kjem inn vindauget, ser støvet som virvlar rundt og rundt. Av og til ei humle som stoggar hovudet mot glaset. Og du tenkjer kor naiv ho er, humla, som ikkje forstår at ho er fanga.

Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.

Join 513 other followers