Arkiv | foto RSS feed for this section

nydeleg, er det ikkje?

1 Dec

bileta, er lenka til opphavet

-

kunne eg opne deg
kunne du ha ein lås rett over nasen
som på ei gamal dagbok
kunne eg ha ein nøkkel, kunne eg opne deg
lage ei glipe i pannebrasken sleppe blodet ut
og lyset inn kunne du vere
veldig kunne eg vere lita
mikroskopisk, ville du la meg gå
inn i deg inn under
pannebraskane, ville du la meg
kravle inn, forbi storehjernen ville du
la meg legge meg ned der
omfamne
ein synapse ved
roten av
ein dendritt
ville du
framleis
tenkje godt om meg
ville tanken din
kile meg, kjele med meg
ei lita elektrisk lading
som plutseleg for forbi

-

pst! eg har skrive om biopsi, debutboka til lars ramslie på milliardaravmenneskeimellom! gå inn på bloggen, eller trykk her!

(eg ventar framleis på han)

13 Mai

at eg skal sjå dette opne andletet ditt
stå framfor meg meg denne dagen i junisola i
oslo oslo som du tykkjer er alt for varm og
støvete som eg tykkjer er grøn levande du
med ope andlete blå blå auge og kvite klåre

rissa med kritt på ein bettongvegg

hei hei hallo
er det eit spørsmål

eg stryk bort under fingertuppene
ru betongvegg andletet kritt

-

svarte olabuksar
tynnslitt
ved anklene ei raud
tettveva
industrijakke

asfalten

turkise gummisolar

hei, vi skulle gå
å symje

-

at tunga kjennest som ei
kutunge
tjukk, blaut
at ikkje eg kunne
stikke fingran
ned i den
overraskande harde
halsen

eg klarte ikkje
å dra ho opp
klarte det ikkje
dette er ikkje eit spørsmål
hallo

Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.

Join 513 other followers