Arkiv | filosofi RSS feed for this section

det kan ikkje

20 Aug

byrje no. eg er ikkje klar. ikkje klar,
til å lese, til å skrive oppgåver

for eg har meir enn nok, meir enn nok
med å forstå ord, enkelte
einslege ord

eller par av ord.

for eigentleg, til dømes, er ikkje
berre eigentleg, eigentleg er
å bli forlatt, når mamma nyttar det
(når nokon gjer det dei eigentleg vil)
å bli forstått, når annemarie nyttar det
(når nokon ser korleis verda eigentleg er)
å bli forrådt, når eg nyttar det

(det finnest eigentleg ikkje noko

eigentleg, trur eg)

så, om vi
kunne hatt litt meir
pause, litt meir
sumarferie, litt meir
depresjon, ville det ha vore fint

for eg treng å finne ut av alt dette

Eg er så sjukt skuffa.

4 Mar

I møte med Kant kan nokon og ein kvar bli litt månebedotten: vi snakkar om mannen som totalt revolusjonert måten ein tenkte om verda, menneske og menneske i verda. Han var den som definerte kva metafysikken i ettertid i stor grad skulle handle om, ved å sette menneske i sentrum for eigen erkjenning. Eg var sjølvsagt stum av beundring når eg først leste denne store filosof. Helt og geni, type stil. Så fant eg ut kva han tenkjer om kvinner. Og no tykkjer eg litt han er eit rass.

Det er riktig nok sånn at mange opp igjennom tida har tenkt dumme ting om kvinner. Kanskje omtrent dei fleste. Men altså, her har ein ein elles langt over gjennomsnittlig fornuftig mann. Ein mann som totalt revolusjonerer måten ein tenkjer om menneskeleg erkjenning, om metafysikk. Òg når det kjem til etikk og estetikk er han mellom dei viktigaste tenkjarane oppetter i historia. Så presterer han i fullt alvor seie at kvinna djupast sett er eit HUSDYR!

Kant har sjølvsagt, smart som han er, merka at det er visse forskjeller mellom menn og kvinner i eige samtid. Dette ønskjer han jo sjølvsagt å finne eit svar på. Og eit slags svar finner han jo, han gjer jo det. Sitata under er alle henta frå Antropologi i pragmatisk perspektiv, frå annen del og underkapittel B. Kjønnets karakter. Eg vil tilrå alle å lese det i sin heilskap, men vil nøye meg med enkelte utdrag til ållmen underhalding og fordøming.

Han byrjar med å såleis definere menneske, kvinne og mann:
Inn i alle maskiner, gjennom hvilke det med liten kraft skal utrettes stor kraft, må det være lagt kunst. Følgelig kan man allerede på forhånd anta at naturens omtanke vil ha lagt mer kunst i organiseringen av den kvinnelige del enn den mannlige,fordi den utrustet den mannen med større kraft enn kvinnen.

Først slår han altså fast at kjønnsforskjellene djupast sett handlar om ein biologisk forskjell, at det er eit resultat av at naturen har gitt mannen meir styrke. Det kan synast som om det har vore ein normativ intensjon frå naturen si side om at mannen skal vere den sterke, og kvinna ho skal vere den kunstferdige. Nett kva denne kunsten går ut på kjem han meir inn på seinare, men det er ikkje vår tyding av kunst i alle høve. Vidare skriv han:

Til en forbindelses enhet og uoppløselighet er det ikke tilstrekkelig med to personers vilkårlige sammentreff. En part må være underkastet den andre, og vekselvis måtte den ene være den andre overlegen i ett eller annet, for å kunne beherske og regjere. […]En part må i kulturens fremadskridenhet være overlegen på en heterogen måte: mannen gjennom sin legemlige evne og sitt mot, kvinnen over mannen gjennom sin naturgave å beherske mannens tilbøyelighet overfor henne.

Stort meir grumsete enn dette sitatet trur ein gjerne ikkje at det kan bli. At ein av vestens viktigaste filosofar postulerer at mannen er kvinna overlegen frå naturens side er vel, kjipt nok. Men at det einaste kvinna er overlegen mannen er ved at ho kan nekte han seg sjølv (sex, eller mannens tilbøyelighet). Nett det finn eg så utruleg provoserande av di det er ei førestilling som har øydelagt og framleis øydelegg seksualiteten og livet til milionar av jenter. At det skal vere ei kvinne sitt ansvar å setje grenser for seksualiteten til nokon andre enn seg sjøv, tykkjer eg er latterleg, og ein stor undervurdering av ein kvar mann. Men vi veit jo alle at det gjerne er sånn det likevel er, både i Noreg og andre stadar blir jenter oppfordra til å ikkje kle seg for fristande, til å passe på at dei ikkje sendar ut feil signal eller er på feil stad til feil tid for då kan dei jo bli valdtagen. Som om det hadde vore noko problem om det alle hadde akseptert eit nei. Og at det liksom skal vere dydig å si nei! At ikkje kvinner berre skal kunne fråtse i god friviljug sex! Husj.

Men det blir sjølvsagt verre. For no byrjar Kant å prate om dette som er dei kvinnelege kvaliteter. Først slår han fast at desse berre er relevante i eit sivilisert samfunn. For I den ennå usiviliserte tilstand, derimot, er overlegenheten kun på mannens side.

Men kvinna har alstå nokre kunstar. Det er noko ho er overlegen mannen i. Kva er då dette? Han skriv: Disse former for kvinnelighet kalles svakheter. […] Men fornuftige mennesker ser meget godt at de nettopp er redskaper for å styre mannligheten og bruke den til sitt formål. God gamaldags kvinnelist altså. For det er klart at sidan kvinna ikkje har nokre eigne talent, er det einaste ho kan gjere å manipulere mannen, sånn at han kan handle mest muleg fordelaktig for ho. Og korleis kan det gå til? Jo, for mannen han elsker husfreden og underkaster seg gjerne hennes regimente, om han bare ikke blir forhindret i sine geskjefter. Mannen er altså ganske snill han, for han underkastar seg gjerne hennar huslege ønsker, så lenge ho ikkje legg seg opp i ting som høyrer ålmenta til, som poltikk eller forettningar eller andre manneting.

Men om mannen er snill og ettergjevande er kvinna direkte krigarsk og ikkje redd for hjemmekrigen, en krig hun fører med tungen, og i dette øyemed gav naturen henne snakkesalighet og affektfull veltalenhet som avvæpner mannen. […]Hun støtter seg til den svakestes rett til å bli beskyttet av den manlige part, og hun gjør mannen forsvarløs gjennom forbitrelsens tårer, ide hun bebreider han for manglende høysinnethet. Nei, men det var rart du.

Til slutt kjem konklusjonen: kvinnen har trass dårlege føresetnadar kome langt og utvikla seg mykje. For, som han skriv: I den primitive naturtilstanden forholder det seg riktignok annerledes. Kvinnen er der et husdyr.

Og du Kant, er eg freista til å seie, du er eit rass.

Kjønn, robotar og battlestar galactica.

4 Mar

Gaute skriv på bloggen sin om kjønn, robotar og battlestar galactica. Han lenker igjen til bloggaren Paap som har skrive ein lengre post om emnet. No har eg ikkje sett seria, (dessverre!) men eg tykkjer framleis det er utruleg interessant å lese noko av det som kjem fram.

Ingvild Hellstrand har tatt doktorgrad på kjønn i scifi. Ho meiner at media har stor definisjonsmakt når det kjem til kjønn. Ein av eksemplane ho nyttar frå scifi er frå seria battlestar galactica. Ho kommenterer at menneska i seria vert framstilt som individer (eller kanskje heller, at kvinnene blir framstilt som menneske), men at mellom robotane (eller cylonane som dei kallast i seria), er kvinnene meir kvinnete enn menneskeleg. skillet mellom kjønnsrollene er altså skarpare mellom robotane i seria. Dei robotene ein får sjå i episoda Hellstran har analysert er begge “kvinnelege” robotar. Ho knyttar deira stereotypiske kvinnelegheit med deira kjenlse av å vere ikkje menneskeleg, og ønske om å bli menneskeleg (og dermed kvinnelege). Deira stereotypiske kvinnelegheit kjem av at dei i sine forsøk overdrivar, på same måte som ein kan sjå hos enkelte dragartistar.

Eg har som sagt enno ikkje sett seria, men eg har enno meir lyst etter å ha lese dette. Så spanande!

Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.

Join 513 other followers