Arkiv | feminisme RSS feed for this section

kommandør

17 Jun

eg elskar meir eller mindre kvasifeministisk popmusikk. enno betre er det om dei kjem som denne, i ein video full av retro-futuristisk 70-talls revival. kelly ser ut som om ho er teke rett ut av ein scifi-serie. kven kan ikkje elske ein kvinneleg kommandør, som elskar musikk? dans!

p.s. eg pla alltid å like kelly betre best av alle i destiny’s child. alle andre likte vel beyonce best?

vi blir så stille

24 Jan

ein del folk ville nok karakterisere meg for høgrøsta. heilt frå eg var lita har eg snakka høgt, først av di eg hadde dårleg hørsel, seinare av di eg forsto ein måtte snakke høgt for å bli høyrd. og eg ville bli høyrd. eg nekta å finne meg i noko anna.

eg har alltid vore tydeleg. i tiandeklasse kutta eg av meg alt håret. eg gjekk i baggy jeans. og eg høyrde på noko av den mest høgrøsta hip-hopen som var nett på, juelz santana med what the games been missing. eg var aldri særleg frekk, eller stygg, eller sint, som gjerne er stereotype eigenskapar ein tillegg jenter som gjer den typen utradisjonelle ting. eg var berre tydeleg, og trygg, og frykteleg mykje glad. eg var stolt.

etter eg blei sjuk, eller når eg blei sjuk, så blei eg stille. stille i sosiale samanhengar, stille i samtalar, stille på bloggen, stille i familien.

eg held på å skrive ei tekst om kvinner og galskap i litteraturen. og kva finn eg? jo, at dei fleste der er som meg. i bøkene eg har lese oppigjennom så har kvinner som på ein eller måte har vore psykisk sjuk alle har vore stille. mange av dei har vore forsiktige, depressive og reflektere jenter, ambisiøse før dei blei sjuk, likegyldige etter.

rihanna var på skavlan på fredag, som sikkert mange har fått med seg. der snakka ho mellom anna om kor lang tid det tok før ho kunne snakke igjen, snakke om det ho hadde vore gjennom i etterkant av forholdet med chris brown. men ho tok til mæle igjen. motmæle kan ein til og med seie, og framstår som ein tøff dame, med ei tøff historie om ei kvinne som ikkje ville vere offer. den som teier samtykker, heiter det i eit ordtak. og litteraturen er full av jenter som teier. derfor er det så bra med sånne som rihanna. som tar til motmæle.

sjekk ut http://www1.nrk.no/nett-tv/indeks/198534 om du vil sjå intervjuet skavlan gjorde med ho.

hurra! hurra! hurra! det er kvinnedagen!

8 Mar

gratulerer alle, det er åttande mars! eg meiner åttande mars er ein av dei viktigaste dagane i året, både for menn og kvinner. det er sjølvsagt hovudsakleg kvinner og kvinnefrigjeringa si dag, men eg er av den tru at kvinnefrigjering kjem mannen til gode. så gratulerer alle saman!

i dag har eg hatt fantastisk koseleg ettertog suppe og brød med den fine gjengen frå studentmållaget i oslo! sjølv rakk eg dessverre ikkje å gå i tog, og det var skikkeleg trist. eg trur det er første åttande mars på kjempelenge at eg ikkje har gått i tog, og dagen er rett og slett ein av mine favorittdagar!

sjølv om åttande mars er ein dag for feiring, så er det òg framleis ein kampdag. for det er framleis mykje å kjempe for, både her heime i noreg og ute i verda. eg vert utruleg provosert av at mange meiner det ikkje er noko trengsel for ein dag med fokus på kvinnekamp og likestilling. om folk trur at kvinner i noreg i dag er likestilte, så er det noko dei vel å oversjå. for det er rett og slett ikkje sånn det er. og ser ein på verda blir biletet tydelegare.

visste du til dømes at kvinner framleis berre tener ca 80 prosent av det menn tjener i noreg? og at det her er snakk om menneske med like høg utdanning, som jobbar like mykje? sykepleierforbundet har for tida ein kampanje for likelønn, der dei mellm anna krever ein handlingsplan frå regjeringa. klikk på namnet og finn kampanjeheimesida deira for meir informasjon. for det er vel ingen grunn til at kvinner i noreg framleis skal tene mindre enn menn for same arbeid? og ikkje berre er lønsgapet stort, det er òg aukande. det går altså ikkje an å setje seg attende å seie at vi jo “har likestilling i noreg”. for det har vi ikkje.

ein av mine kampsaker som feminist er det som mange vil kalle ein typisk “mannesak”, nemlig jamnare deling av fødselpermisjon. dette er sjølvsagt ikkje for å ta frå kvinna tida med barn, men for å gje til faren. eit stort problem for mange kvinner og menn er at det er kvinna som i størst grad vert sett på som omsorgsperson. dette førar til at det gjerne er ho som vel å arbeide deltid, at det er ho som har mest fødselspermisjon og ho som endar opp med minstepensjon. samstundes førar det gjerne til at far mist mykje verdifull tid med borna, at borna mist ein viktig mannleg rollemodell og at borna sannsynlegvis tilfell mor om dei skil seg. dette trur eg ikkje er heldig på noko vis, og ein fødselpermisjon som er jamnare delt mellom mor og far trur eg er betre for alle! eg kan ikkje fatte og bregripe at ikkje menn er ute i gatene og demonstrerer mot at dei er juridisk og kulturelt nedvurdert som omsorgspersonar. eg tykkjer det er håreisande.

sist med ikkje minst tykkjer eg det er svært viktig å jobbe mot diskrimineringa av kvinner som vel å gå med hijab. det er muleg at nokre av desse gjer dette som følger av eit kulturelt press, men det er uansett viktig å støtte. at norske kvinner opplev at folk prøvar å rive av dei hijaben når dei går ute i gata, at dei blir hagle ned med skjellsord er heilt, heilt forferdeleg. det er absolutt ikkje hijaben det er noko gale med. det er korleis nokre kvinner blir trakasert til å nytte, eller ikkje å nytte dette plagget, som er gale. kvinner har ein eksistensiell rett, rett til å definere kven dei er og ønskjer å vere. dette valet bør alle i noreg og andre stadar stø, uansett kva dei vel. hijab er ein del av ein religiøs og kulturell identitet som det bør vere plass til i noreg. derfor tykkjer eg det var dumt med brenninga med hijaben på youngstorget i dag. ein skal ikkje hindre yttringsfridomen til enkeltmenneske, men å nytte kvinnedagen med å brenne det religiøse symbolet til så mange norske kvinner som strever i kvardagen med å få respekt for vala dei tar, det tykkjer eg var ganske dårleg gjort. om det var meint som ein symbolhending, blei det tolka som eit personleg åtak for mange av dei som kanskje er mellom dei som strevar mest for aksept i desse dagar. splid i kvinnerørsla er ikkje noko ein treng å lage, å gå til åtak på hijaben tykkjer eg ikkje var naudsynt å gjere på den måten det blei gjort.

sist men ikkje minst vil eg dele eit av mine favorittdikt, som janne las tidlegare i dag som ein del av studentmållaget si markering av dagen; marie takvam sitt dikt ei kvinne. sånn går det:

EI KVINNE:

Ei kvinne stogga meg på gata og sa:

Du syng om kjærleik
og om stjerner
som om du ikkje veit kor livet ter seg!

Kva ser vel vi av stjerner her
i gater mellom lysreklamer?

Å høyr, du veit nok like godt som eg
at draumar høyrer heime utved havet
der kvinnene går einsame og ser mot horisonten.

Men prøv å temje kjærleiken
og bere den til frukostbord og middag
på kjøkkenet i plastikkblått og kvitt,
og du har same hell som om du fanga solgull
i dine hender
og bruka det til lykt igjennom netter.

Alt er bedrag, bedrag, bedrag.
Ein einsleg maidag
har aldri kasta sol
som lyste opp om hausten.

Eg er så sjukt skuffa.

4 Mar

I møte med Kant kan nokon og ein kvar bli litt månebedotten: vi snakkar om mannen som totalt revolusjonert måten ein tenkte om verda, menneske og menneske i verda. Han var den som definerte kva metafysikken i ettertid i stor grad skulle handle om, ved å sette menneske i sentrum for eigen erkjenning. Eg var sjølvsagt stum av beundring når eg først leste denne store filosof. Helt og geni, type stil. Så fant eg ut kva han tenkjer om kvinner. Og no tykkjer eg litt han er eit rass.

Det er riktig nok sånn at mange opp igjennom tida har tenkt dumme ting om kvinner. Kanskje omtrent dei fleste. Men altså, her har ein ein elles langt over gjennomsnittlig fornuftig mann. Ein mann som totalt revolusjonerer måten ein tenkjer om menneskeleg erkjenning, om metafysikk. Òg når det kjem til etikk og estetikk er han mellom dei viktigaste tenkjarane oppetter i historia. Så presterer han i fullt alvor seie at kvinna djupast sett er eit HUSDYR!

Kant har sjølvsagt, smart som han er, merka at det er visse forskjeller mellom menn og kvinner i eige samtid. Dette ønskjer han jo sjølvsagt å finne eit svar på. Og eit slags svar finner han jo, han gjer jo det. Sitata under er alle henta frå Antropologi i pragmatisk perspektiv, frå annen del og underkapittel B. Kjønnets karakter. Eg vil tilrå alle å lese det i sin heilskap, men vil nøye meg med enkelte utdrag til ållmen underhalding og fordøming.

Han byrjar med å såleis definere menneske, kvinne og mann:
Inn i alle maskiner, gjennom hvilke det med liten kraft skal utrettes stor kraft, må det være lagt kunst. Følgelig kan man allerede på forhånd anta at naturens omtanke vil ha lagt mer kunst i organiseringen av den kvinnelige del enn den mannlige,fordi den utrustet den mannen med større kraft enn kvinnen.

Først slår han altså fast at kjønnsforskjellene djupast sett handlar om ein biologisk forskjell, at det er eit resultat av at naturen har gitt mannen meir styrke. Det kan synast som om det har vore ein normativ intensjon frå naturen si side om at mannen skal vere den sterke, og kvinna ho skal vere den kunstferdige. Nett kva denne kunsten går ut på kjem han meir inn på seinare, men det er ikkje vår tyding av kunst i alle høve. Vidare skriv han:

Til en forbindelses enhet og uoppløselighet er det ikke tilstrekkelig med to personers vilkårlige sammentreff. En part må være underkastet den andre, og vekselvis måtte den ene være den andre overlegen i ett eller annet, for å kunne beherske og regjere. […]En part må i kulturens fremadskridenhet være overlegen på en heterogen måte: mannen gjennom sin legemlige evne og sitt mot, kvinnen over mannen gjennom sin naturgave å beherske mannens tilbøyelighet overfor henne.

Stort meir grumsete enn dette sitatet trur ein gjerne ikkje at det kan bli. At ein av vestens viktigaste filosofar postulerer at mannen er kvinna overlegen frå naturens side er vel, kjipt nok. Men at det einaste kvinna er overlegen mannen er ved at ho kan nekte han seg sjølv (sex, eller mannens tilbøyelighet). Nett det finn eg så utruleg provoserande av di det er ei førestilling som har øydelagt og framleis øydelegg seksualiteten og livet til milionar av jenter. At det skal vere ei kvinne sitt ansvar å setje grenser for seksualiteten til nokon andre enn seg sjøv, tykkjer eg er latterleg, og ein stor undervurdering av ein kvar mann. Men vi veit jo alle at det gjerne er sånn det likevel er, både i Noreg og andre stadar blir jenter oppfordra til å ikkje kle seg for fristande, til å passe på at dei ikkje sendar ut feil signal eller er på feil stad til feil tid for då kan dei jo bli valdtagen. Som om det hadde vore noko problem om det alle hadde akseptert eit nei. Og at det liksom skal vere dydig å si nei! At ikkje kvinner berre skal kunne fråtse i god friviljug sex! Husj.

Men det blir sjølvsagt verre. For no byrjar Kant å prate om dette som er dei kvinnelege kvaliteter. Først slår han fast at desse berre er relevante i eit sivilisert samfunn. For I den ennå usiviliserte tilstand, derimot, er overlegenheten kun på mannens side.

Men kvinna har alstå nokre kunstar. Det er noko ho er overlegen mannen i. Kva er då dette? Han skriv: Disse former for kvinnelighet kalles svakheter. […] Men fornuftige mennesker ser meget godt at de nettopp er redskaper for å styre mannligheten og bruke den til sitt formål. God gamaldags kvinnelist altså. For det er klart at sidan kvinna ikkje har nokre eigne talent, er det einaste ho kan gjere å manipulere mannen, sånn at han kan handle mest muleg fordelaktig for ho. Og korleis kan det gå til? Jo, for mannen han elsker husfreden og underkaster seg gjerne hennes regimente, om han bare ikke blir forhindret i sine geskjefter. Mannen er altså ganske snill han, for han underkastar seg gjerne hennar huslege ønsker, så lenge ho ikkje legg seg opp i ting som høyrer ålmenta til, som poltikk eller forettningar eller andre manneting.

Men om mannen er snill og ettergjevande er kvinna direkte krigarsk og ikkje redd for hjemmekrigen, en krig hun fører med tungen, og i dette øyemed gav naturen henne snakkesalighet og affektfull veltalenhet som avvæpner mannen. […]Hun støtter seg til den svakestes rett til å bli beskyttet av den manlige part, og hun gjør mannen forsvarløs gjennom forbitrelsens tårer, ide hun bebreider han for manglende høysinnethet. Nei, men det var rart du.

Til slutt kjem konklusjonen: kvinnen har trass dårlege føresetnadar kome langt og utvikla seg mykje. For, som han skriv: I den primitive naturtilstanden forholder det seg riktignok annerledes. Kvinnen er der et husdyr.

Og du Kant, er eg freista til å seie, du er eit rass.

Kjønn, robotar og battlestar galactica.

4 Mar

Gaute skriv på bloggen sin om kjønn, robotar og battlestar galactica. Han lenker igjen til bloggaren Paap som har skrive ein lengre post om emnet. No har eg ikkje sett seria, (dessverre!) men eg tykkjer framleis det er utruleg interessant å lese noko av det som kjem fram.

Ingvild Hellstrand har tatt doktorgrad på kjønn i scifi. Ho meiner at media har stor definisjonsmakt når det kjem til kjønn. Ein av eksemplane ho nyttar frå scifi er frå seria battlestar galactica. Ho kommenterer at menneska i seria vert framstilt som individer (eller kanskje heller, at kvinnene blir framstilt som menneske), men at mellom robotane (eller cylonane som dei kallast i seria), er kvinnene meir kvinnete enn menneskeleg. skillet mellom kjønnsrollene er altså skarpare mellom robotane i seria. Dei robotene ein får sjå i episoda Hellstran har analysert er begge “kvinnelege” robotar. Ho knyttar deira stereotypiske kvinnelegheit med deira kjenlse av å vere ikkje menneskeleg, og ønske om å bli menneskeleg (og dermed kvinnelege). Deira stereotypiske kvinnelegheit kjem av at dei i sine forsøk overdrivar, på same måte som ein kan sjå hos enkelte dragartistar.

Eg har som sagt enno ikkje sett seria, men eg har enno meir lyst etter å ha lese dette. Så spanande!

den som søkjer skal finne

3 Mar

eg hadde i lengre tid mulka over kvalifiseringsoppgåvene til emnet lit1302. emnet tar for seg litteraturen frå søtten- til nittenhundre. eg er feminist, og for meg er det kanskje ei av dei mest spanande tidene å ta for seg, av di det er då kvinna som lesar vert ein faktor i samfunnet. i løpet av kort tid blir det mange som kan lese, og det blir relativt billeg å produsere bøker. industrialiseringa førar til ei overklasse av kvinner utan noko materielt ansvar, som ikkje har stort mykje anna å gjere enn å lese romanar. kvinner skriver, kvinner leser. kvinner er hovudmålgruppe, kvinner er bestseljarar. BOOM. kvinner er hovudpersonar. så når ein får tre oppgåver der ikkje ein av dei har korkje kvinneleg forfattar eller kvinneleg hovudperson, eller er frå ein typisk kvinnesjanger, vert ein litt skuffa. hallo? liksom. ein hadde så mykje ein kunne ha velt mellom, som igjen hadde vore så interessant frå eit feministisk perspektiv! ta madame bovary, ta faust, ta pamela, det er så mykje! men nei, så vel ein vandrarens nattsong av goethe, candid av voltaire, og studenten av tsjekhov. ein blir sittande og tenkje at det må vere medvitent gjort, og at det er lupent.

men om kvinna ikkje er tilstades som hovudperson, som forfattar eller i det heile tatt som aktør, er ho det som objekt. i første oppgåva, der ein skal tolke vandrarens nattvise av goethe, er naturlegnok kvinna fråverande, for der er det mannen og naturen, eller rettare sagt mannen i naturen eller naturen for mannen. men ein kan jo sjå naturen som noko kvinneleg, eller riktigare, at naturen i romantikken er for mannen mykje av det same som kvinna er: ein fristad frå det korrumperte samfunnet, noko mystisk, sublimt og naturleg.

og pluttseleg slo det meg: nett ved at kvinna ikkje er til stades som aktør er det så utruleg mykje ein kan skrive om det frå eit feministisk perspektiv! det er så utruleg mykje å ta for seg når ein viser korleis kvinna gjerne er tilstades i litteratur, men ikkje som ein faktor, knapt som ein aktør, men mest av alt som den naudsynte tilhøraren for ein mann. som i diktet vandrarens nattsong er kvinna der som noko mannen kan framtre i og for.

problematikken ser du òg tydeleg i tsjekhovs studenten. i novella vert det skildra to forskjellege typar kvinner, personifisert i mor og dotter som lev saman som enker. den eine kvinna vert definert som er ein verdig lyttar (mor) og den andre kvinna som ikkje er det (dotter). dette vert tydeleg markert i introduksjonen av dei to.

The widow Vasilisa, a tall, fat old woman in a man’s coat, was standing by and looking thoughtfully into the fire; her daughter Lukerya, a little pock-marked woman with a stupid-looking face, was sitting on the ground, washing a caldron and spoons.

både herrefrakken og den tankefulle stirringa inn i bålet gjer den eldre enka manneaktik og verdig. det kjem dessutan fram seinare at ho er noko danna, ettersom ho har vore amme for adelen. dottera derimot vert framstilt omtrent som eit dyr, eller i høgste eit lite barn, andsforlaten som ho vert skildra.

her daughter Lukerya, a village peasant woman, who had been beaten by her husband, simply screwed up her eyes at the student and said nothing, and she had a strange expression like that of a deaf mute.

avstanden mellom prestestudenten og dei to kvinnene, og sjølv ho som er mest danna av dei, er enorm. det er hans som er aktør, som fortel, som påverkar, som frelsar. i sitt verke oppfattar han seg som den til no siste del av ei kjede som går attende til jesu tid, der oppgåva er å frelse verda. kvinnene er ikkje tilstades som noko anna enn tilhørara, og dei vert definert etter evne til å i større eller mindre grad høyre og forstå hans likning.

i novella vert kvinna framstilt som ein spegel for mannen. ho er den som høyrer på likninga hans, som får reagerer med kjensler til det han seier (i novella byrjar den eldste enka å gråte). men ho pratar omtrent ikkje, ho er ikkje ein intellektuell aktør. som tidlegare guvernante er ho danna, men utelukkande som tilhørar: ho er ei kvinne som kan forstå prestestudenten (gitt at han nyttar sin pedagogik), noko som forsterkar bilete av sitt bilete av seg sjølv: hennar reaksjon vert eit måleinstrument for hans prestasjon. det forsterkar kjensla prestestudenten har av eigen identitet: som det siste ledd av ei kjede av menn som skal ut for å frelse verda (og kvinnene).

det skal faen ikkje vere behageleg å vere kvinne

3 Feb

pradasko

Kvinneleg identitet er knytt til kjensler og smerte. Det skal faen meg ikkje vere behageleg å vere kvinne. For vi lev framleis i eit samfunn der det kvinnelege er knytt til det vene, og der ein som kjent må lide for venleiken. For, når såg du sist ein mann med korsett? Når såg du sist menn i sko som kunne brekke anklene deira? Eg har i alle høve ikkje sett det.

Kvinna har eit andsvar for den estetiske moral. Ho skal sørgje for at noko framleis er vakkert i eit desillusjonert samfunn. Om det er huset, kroppen, kunsten, andletet eller borna hennar har ho eit andsvar for det vene. Kvinner kan ikkje skrive grotesk, det er eit brot på det kvinnelege.

Sette på spissen kan ein seie at den desillusjonerte mannen går ute i den kapitalistiske verda, kjempar om makt og trampar på dei han må for å kome seg opp og fram, for å forsøgje eller kome i ein possisjon til det. Eg trur det framleis er sånn menn i større grad enn kvinner imponerer ved å ha ein høg stilling med makt. Samstundes er heimen framleis kvinna sitt andsvarsområde, det er i stor grad ho som har andsvar for venleik, og ikkje minst kos.

“Eg byggar faen ikkje pepperkakehus, for det er HOMO!” Sitatet kjem frå eit kaffibesøk eg var i. Det var tre par mellom tjue og tredve som var det, i tillegg til meg og venninna mi. Eg spurte og grov litt, av di eg tykte det var ein underleg yttring. Men bygging av pepperkakehus så eg, det har jo litt tilfelles med både arkitetur og byggingsverksemd, og det er vel ikkje særleg homo? Nei, måtte mannen medgå, det var jo ikkje eg. Eg trur, framhald han, at det kanskje er dette med pyntinga. Pynting er altså homo. Av di det er feminint.

Dette kjem kanskje ikkje som noko overrasking. Spanande var det at alle mennene rund sofabordet var samde i at om dei hadde hatt born, og pynta med og for borna, då var det greit å lage pepperkakehus og pynte og greier. Det var altså pyntinga for sin eigen del som var et femenine eller homofile.

Som far har ein altså lov til å vere feminin, til å pynte, og ein kan altså då ta del i andsvaret for venleik, og i venleiken. Kanskje er det av di ein ved å lage barn har ein gong for alle bekrefta at ein er Mann med stor M, og på ingen som helst måte homofil. Kanskje er det på tide å setje alle gifte menn inn i korseter og på høge helar, og la dei lide litt for venleiken dei òg. Når vi uansett har fått etablert at dei ikkje er homo liksom.

Valdtekt og Romanse

30 Jan

05_anm_kielos_voldtektromantikk_jpgc1w127h200panq

Kielos har reist mye rundt og holdt foredrag for elever på ungdomsskoler. Der har hun blant annet pleid å dele tavlen i to, og be jentene skrive på den ene siden hva de gjør for å unngå å bli voldtatt, og guttene gjøre det samme på den andre siden. Resultatet er slående. Jentenes side blir fylt opp av alskens metoder, guttenes forblir blank.

Spanande artikkel om det som verkar som ei svært spanande bok, Romantikk og Voldtekt. Boka tar mellom anna føre seg spørsmålet om eit samfunn utan valdtekt er mogel, samstundes som ho forklarar valdtekt ut i frå eit perspektiv om at det handlar om kjønn, kjønnsroller og maktforskjellar. Romantikk og valdtekt står i boka som forskjelle ytterpunkt i kvinneleg seksualitet, kontrasten mellom det ideelle og det katastrofale. Spanande bok, spanande.

Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.

Join 513 other followers