Arkiv | dans RSS feed for this section

du er borte no

19 Okt

denne røyken
som fyller loftsrommet
du sitter under vindauga
du som bles over andletet
mitt ein dag
regnar det og eg blir våt
som før eg låg meg
i senga di, før
vi gjekk gjennom byen

før

du røykte meg ut
og deg inn, og alt
som var vått og lukta og lukta
ho forsvinn ikkje og regnet
det tørkar ikkje inn

dette er berre meg

18 Okt

desse ordene
er strekene i sanden
du vrir deg i, sanden
snikande inn i skoa, sanden
som renner ut over gulvet
når tek av deg badetøyet, sanden
i dei små håra dine, sanden
som klør, sanden du
bryskt børstar bort
utanfor døra heime, når du går
frå stranda, som du dusjer bort
sanden i sluket
sanden i handdukane
sanden i håret

dette er kroppen din som vrir seg framfor meg
dette er kroppen din
dette er pusten du pustar
dette er det du ikkje vil seie
dette er det eg ønskte at du sa
dette er alt det ikkje burde vere
dette er alt for mykje og likevel ingenting
dette er berre orda mine
dette er berre meg

ta tiden tilbake/med ordene//tingene/blir hardare/idet/dei uttalast

14 Mar


det er dette det skal byrje å halde om igjen
grusen i gongen som skrapar opp parketten
sveittelukta på lakenet
flassjampoen vs for farga hår
parfymert deodorant vs uparfymert
oppskrift vs på vimsen
du seier “du tar alltid for mykje chilli”
eg seier “det er kanskje betre enn å ha eit
angstfylt forhold til mat”
så angrar eg
suppar blir sikkert for sterk
og det er det det skal handle om
å kutte opp grønsakar
søle saft på golvet
late som om det ikkje skjedde
la det bli ein flekk som sankar opp
får hår og blir mest som eit dyr
til du seier “skal du ikkje ikkje tørke opp”
og eg svarar “eg er pasifist” det skal handle om
kaffi vs te
system vs kaos
vaskeplan vs vi tar det når vi gidd (og då helst like ofte)
men det det sjølvsagt blir er
du tar det aldri like ofte som meg men eg vil ikkje ha system
du skal ikkje få bestemme for meg
at nokon blir sinna
berre gjer det
det er dette det skal handle om
at ting går i stykke
at du kjem med eit forslag
og eg skrik
IKKJE VER SÅ JÆVLA KONSTRUKTIV
eller at du er lei deg
og vrir deg
og vil vere åleine
og eg lagar mit lillaste fjes
spør om eg kan kysse deg på kneet
at eg kysser deg på kneet
der det svarte dongeristoffet er blitt slitt
og du kan kjenne
med lippene
at det er like før det rivner

internett på random-replay

15 Okt

og om ein kunne ta ut eit, og berre eit
objekt fanga i ein virvelvind, rasande rundt
om ein kunne stoppe han for ein augneblink
for å ta ut berre ein, flygande ting

ville du ta ut
ein daud fugl
ein daud gut

eller ville du stå stille
i eit einaste augneblink

pusta
sett dei sveve
der
i lufta?

dette er ein heim

9 Mar

ganske ofte tykkjer eg dans kan seie meir enn ord, og ofte skulle eg ønske eg kunne skrive dans, at eg kunne skrive dikt som var dans, eller i det minste som dans, som dette. igjen er det mats ek som har koreografert.

-

vi tar med oss masse inn her
heile fargeskalen og tapet, tapet!
bilete av folk vi aldri har møtt
opp på veggene
bygger hyller for å dele
dette vi kallar rommet
i noko vi kallar seksjonar
for dei forskjellege delane
av livet ein for sofa ein for bokhylle
fundamentalt forskjellege vil du ligge litt
seier vi i arbeidet og er sveitt bar hud
før vi set inn ting
i bokhylla set vi inn enno fleire ting
bøker vi har lese og ikkje har lese
når vi ser dei blir fulle kjøper vi fleire
sånn i tilfelle
sånn i alle tilfelle
kjøper vi nokre ting som kan stå der i mellomtida
og i seksjonen for sofa set vi inn ein skinnsofa
som er glatt og mjuk og vi kjøper puter og pledd
for i denne skal det vere mjukt og varmt
tenkjer vi og framfor sofaen skal det stå eit bord
eit bord frå oldemor som oldefar laga
i karamellfarga tre med kuler og utskjeringar
eit bord som kan ha kopper med te
som vi kan drikke når det er kaldt tenkjer vi og vi legg parket
av di det er fint og lett å reingjere og organisk
oppå parketet legg vi teppe for at det skal vere lunt
vi kjøper tøfler i ull frå ei dame på torget
ho har langt hår og manglar ein jeksel
vi tenkjer desse vil halde oss varme
vi tenkjer feil
i januar bukkar vi under og kjøper oljeovner
etter at mor har sagt ho kan ta straumrekninga
vi slår ikkje av pcen om kvelda
pcen lysar åleine i ljost blått
tusen trær og fosiler eller kull frå danmark
og ei tekopp står igjen på stovebordet
med eit lippestiftmerke på
medan vi ligg i sniglehus
draumer om å bære livet gjennom verda
på ryggen

røyk, dans og poesi

8 Mar

om eg kunne kjenne kinna dine rue under hendene
kunne du sitte framfor meg og eg kunne berre ta
over heile andsiktet ditt, memorisere dei store
porene dine og dei bustete skogliknande augnebryna
kunne eg kjenne på deg som var du ein leireklump
og eg ikkje var redd for å skitne meg til kunne eg ha
tatt i deg verkeleg tatt i deg og kjent korleis kinnbeina dine
var ganske tynne kanskje kunne eg til og med
tatt naseryggen din i munnen, berre for å ha kjent det
naseryggen din
naseryggen din
sånn han var

kanskje kunne eg ha verkeleg kjent deg då
kanskje kunne eg ha modelert deg inn i minne
kanskje ville du ikkje spurt om eg hugsa deg
kanskje ville sett andletet ditt i veggene
kanskje ville det ikkje berre kjennast tomt
å sakne deg

-

smoke er kombinasjonen av tre av mine favorittar: komponisten arvo pärt, koreografen mats ek og dansaren sylvie guillam. her er filmen smoke, som er ein av dei vakraste filmane eg veit om. eg likar å sjå det sånn at denne filmen handlar om kjærleik, om kvardag, om sinne, om lengsler og om poesi; å gå heilt opp i einannan og elske einannen, om å gløyme og å finne attende. elsk, elsk, elsk.



Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.

Join 513 other followers