idag sitter eg på trikken frå solli plass til birkelunden, har gått med d frå birkelunden tidlegare til solli plass, ho har spurd meg om eg kan syne ho vegen, klart, har eg sagt og vi har gått, vi kjøpe kokkosboller, vi var innom videonova og såg på filmer, gjekk der inne i sjappa og såg på covrane og eg hugsa attende til rolland, då meg og ho og j som oftast var på pizzawood kvar fredag eller laurdag, og det å gå framfor omslaga, sjå etter kjente skodespelarar, titlar, andlete, noko som lokka, å plutseleg sjå eit kjent fjes, som eg gjer i dag, eg ser plutseleg jennifer garner, du veit ho som spelte i “alias”, “alias” som eg alltid pla å sjå med m, oppe hos han, på teverommet deira, dei hadde ei stove med masse bøker, planter og eit piano, mor hans var pianolærar og ingen teve på stova, for ho sto på eit anna rom, eit teve rom, og vi pla sitte der og sjå “alias” og “the matrix” og det hugsar eg no, eg hugsar det no fordi vi går der inne på videonova på solli plass og eg ser jennifer garner på eit av desse omslaga, og eg kan ikkje ein gong hugse kva filmen heiter for eg aldri høyrt om han før og eg seier til d
“kva i all verda skjedde med jennifer garner?”
og ho trekker på akslane og går rundt hjørnet, rundt hjørnet til små godtet, og eg spør
“kven leigar eigentleg film no? kva lev dei av desse butikkane?”
“snop” seier det, og fyllar ein pose. “er det noko du vil ha?”
eg ser ut over snopedisken og prøvar å hugse kva eg plar like.
“har dei sånne runde, sånn runde med smarties på?”
“dei har sånne firkanta”
“okei, ta dei”


desse har kviskra