dette har skjedd, dette skal skje

15 Jan

eg har vore heime på ferie, i jula, eg budde litt hos mamma på tertnes og litt i ein gedigen leilegheit på skansen med utsikt over heile bergen og det var som å vere i ei anna verd, eller iallfall ein annna bergen, og dagane var fulle av turer ned til kaffimisjonen, på norli og opera, og det var dei nye støvlene eg fekk av mamma til jul, regnkåpa og paraply, dei små raude og grå skrivebøkene eg kjøpte på aahlens rett før eg reiste, tre veker ferie utan å eigentleg gjere noko, eller det er ikkje heilt sant, eg drakk masse kaffi, var med mange folk, såg mykje seks for under med g, kjøpte ein sjokoladerekkert frå minde til halv pris, las “snakk til meg” av vigdis hjort som er på pensum i det eine emne eg har, og sånn gjekk dagane, vi hadde folk på besøk på nyttårsaften, drakk fransk og italiensk muserande, åt mat, såg fyrverkeri på terassen, kunne sjå det kommunale som vart skote opp på skolten, og alle ropte “KOMMUNEN, ELSKAR KOMMUNEN” og vi kysste kvarandre

vi reiste frå bergen, kom heim, eg har lese meir, lese masse, tent lys i stova og lese og lese, det er stort sett det eg har gjort, utan om å trene og å kjøpe fleire bøker, for eg kjenner desse dagane, eg kjenner dagane i januar og eg veit den kjensla som kryper inn på meg og eg tenkjer, andre får krimsjuka, andre blir forkjøla, så om eg har dette, så er det ikkje verre enn andre har det, og det går over, dagane der eg ikkje vil stå opp om morgonen, ikkje vil kjenne nokon nær meg, ikkje vil treffe nokon eller prate med nokon, dei går over, og plutseleg så vil ho vere der igjen, verda, og ho vil vere skinnande og blank i sola og det vil vere folk og når dei smilar så vil eg smile og eg vil tru på det

(og ps: her er ein løyndom: eg held på med bok, snart skal eg sende det til konsulent, og det blir ei stor diktbok med masse store prosadikt med tusenvis av forskjellege folk og historier. når det blir ferdig veit eg ikkje, men eg trur det ikkje blir så veldig, veldig lenge til. og kanskje er det derfor eg ikkje skriv så mykje her, for det er som om eg ikkje klarar å halde dei frå kvarandre heilt, bloggen og manuset så då må eg konsentrere meg om det eine, ei stund. men så tenkjer eg, det går fint, gjer det ikkje, for de som les, det som les alt dette her, de kjem vel attende når det kjem nye postar, gjer de ikkje?)

7 kommentarar til “dette har skjedd, dette skal skje”

  1. June januar 15, 2012 kl. 22:19 #

    Å, jo!
    Ein av årets første dagar sat eg på ein kafé i Førde ein time og las Hjartemekanikk frå perm til perm. Stum!

  2. Hedda januar 15, 2012 kl. 22:45 #

    Jeg gleder meg til prosadikt!

  3. soft as beets januar 16, 2012 kl. 21:40 #

    gratulerer med ny bok! :-)

  4. Kristina januar 31, 2012 kl. 20:40 #

    De altså. Eg tittar innom kommentarane dykkar ofte for å få noko å smile av. De er fine, tusen takk skal de ha!

  5. Fridtun februar 16, 2012 kl. 09:31 #

    Spanande! Du forresten opp i ein draum eg hadde i natt. Eg veit ikkje frå kvar. Men du var forfattar, i alle fall.

  6. Fridtun februar 16, 2012 kl. 09:31 #

    Altso, “dukka opp i ein draum”, skulle det vera. Hallais.

    • Kristina februar 18, 2012 kl. 14:27 #

      Hihi, eg kjenner meg ekstremt priviligert som får dukke opp i dine draumar. Vonar eg gjorde ein god figur! Smil,

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Log Out / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Log Out / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Log Out / Endre )

Koplar til %s

Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.

Join 388 other followers