Arkiv | januar, 2012

dette er tidene

31 Jan

dette er tidene
eg skal lære meg å leve i

lukke auga og sjå verda
opne dei og gløyme ho

langs vegen skal eg snu meg mot folk
ryggene deira

mot skogen, byen, ørknen
framfor er horisonten, det kvitaste andlete

kvifor skulle ho leve ho pustar ikkje
denne vegen er alltid aleine

utan kjønn utan kjærleik utan historie

skrivekvardag

28 Jan

eit dokument med 86 sider omlag 13500 ord fordelt over prosadikt og lyrisk kortprosa skal på mystisk vis forme seg til ei bok og forfattaren sit i denne augneblinken og drar seg i håret gøymer andletet i hendene medan sambuaren til forfattaren roper frå andre enda av bustaden og spør om ikkje forfattaren kan kom hit eit sekund vere med å henge opp klede

i språket held eg hendene

28 Jan

eg strekker meg mot deg
i hendene held eg orda
rekker dei til deg
som mogne fruktar
bær du kan ta
inn i din munn mellom tennene
som du kan knuse mellom lippene
og dei skal vere søte og sure
vere mjuke og sprø
orda mine ville gje
deg alt dei kunne
for å leve

eg rekker hendene mot deg
seier dette er alt eg har å gje
eg ser deg i auga
eg ser deg i andlete
strekker hendene mot deg

eg seier eg er dette språket
eg er desse orda
utan alt dette
finnest eg ikkje

ein augnblink har alt stoppa

25 Jan

vi trekker pusten
mørkret i orda
alltid ei skugge

skugge sol skugge
alt er stoppa opp

trekker vi pusten
ser vi det

ein augneblink
eit andlet
eit mørker

dette har skjedd, dette skal skje

15 Jan

eg har vore heime på ferie, i jula, eg budde litt hos mamma på tertnes og litt i ein gedigen leilegheit på skansen med utsikt over heile bergen og det var som å vere i ei anna verd, eller iallfall ein annna bergen, og dagane var fulle av turer ned til kaffimisjonen, på norli og opera, og det var dei nye støvlene eg fekk av mamma til jul, regnkåpa og paraply, dei små raude og grå skrivebøkene eg kjøpte på aahlens rett før eg reiste, tre veker ferie utan å eigentleg gjere noko, eller det er ikkje heilt sant, eg drakk masse kaffi, var med mange folk, såg mykje seks for under med g, kjøpte ein sjokoladerekkert frå minde til halv pris, las “snakk til meg” av vigdis hjort som er på pensum i det eine emne eg har, og sånn gjekk dagane, vi hadde folk på besøk på nyttårsaften, drakk fransk og italiensk muserande, åt mat, såg fyrverkeri på terassen, kunne sjå det kommunale som vart skote opp på skolten, og alle ropte “KOMMUNEN, ELSKAR KOMMUNEN” og vi kysste kvarandre

vi reiste frå bergen, kom heim, eg har lese meir, lese masse, tent lys i stova og lese og lese, det er stort sett det eg har gjort, utan om å trene og å kjøpe fleire bøker, for eg kjenner desse dagane, eg kjenner dagane i januar og eg veit den kjensla som kryper inn på meg og eg tenkjer, andre får krimsjuka, andre blir forkjøla, så om eg har dette, så er det ikkje verre enn andre har det, og det går over, dagane der eg ikkje vil stå opp om morgonen, ikkje vil kjenne nokon nær meg, ikkje vil treffe nokon eller prate med nokon, dei går over, og plutseleg så vil ho vere der igjen, verda, og ho vil vere skinnande og blank i sola og det vil vere folk og når dei smilar så vil eg smile og eg vil tru på det

(og ps: her er ein løyndom: eg held på med bok, snart skal eg sende det til konsulent, og det blir ei stor diktbok med masse store prosadikt med tusenvis av forskjellege folk og historier. når det blir ferdig veit eg ikkje, men eg trur det ikkje blir så veldig, veldig lenge til. og kanskje er det derfor eg ikkje skriv så mykje her, for det er som om eg ikkje klarar å halde dei frå kvarandre heilt, bloggen og manuset så då må eg konsentrere meg om det eine, ei stund. men så tenkjer eg, det går fint, gjer det ikkje, for de som les, det som les alt dette her, de kjem vel attende når det kjem nye postar, gjer de ikkje?)

kva skjedde men jennifer garner

15 Jan

idag sitter eg på trikken frå solli plass til birkelunden, har gått med d frå birkelunden tidlegare til solli plass, ho har spurd meg om eg kan syne ho vegen, klart, har eg sagt og vi har gått, vi kjøpe kokkosboller, vi var innom videonova og såg på filmer, gjekk der inne i sjappa og såg på covrane og eg hugsa attende til rolland, då meg og ho og j som oftast var på pizzawood kvar fredag eller laurdag, og det å gå framfor omslaga, sjå etter kjente skodespelarar, titlar, andlete, noko som lokka, å plutseleg sjå eit kjent fjes, som eg gjer i dag, eg ser plutseleg jennifer garner, du veit ho som spelte i “alias”, “alias” som eg alltid pla å sjå med m, oppe hos han, på teverommet deira, dei hadde ei stove med masse bøker, planter og eit piano, mor hans var pianolærar og ingen teve på stova, for ho sto på eit anna rom, eit teve rom, og vi pla sitte der og sjå “alias” og “the matrix” og det hugsar eg no, eg hugsar det no fordi vi går der inne på videonova på solli plass og eg ser jennifer garner på eit av desse omslaga, og eg kan ikkje ein gong hugse kva filmen heiter for eg aldri høyrt om han før og eg seier til d

“kva i all verda skjedde med jennifer garner?”

og ho trekker på akslane og går rundt hjørnet, rundt hjørnet til små godtet, og eg spør

“kven leigar eigentleg film no? kva lev dei av desse butikkane?”

“snop” seier det, og fyllar ein pose. “er det noko du vil ha?”

eg ser ut over snopedisken og prøvar å hugse kva eg plar like.

“har dei sånne runde, sånn runde med smarties på?”

“dei har sånne firkanta”

“okei, ta dei”

Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.

Join 513 other followers