og det er for, det eg for deg den sumaren
eg går gjennom byen, du
som trekte jeansane ned over hoftene
med eit hjarte under trusekanten, du sa
det var kjærasten som gav det til meg då eg var seksten
kanskje skal eg fjerne det med laser
og du trekker genseren over hovudet
ser deg over akselen mot meg
håret ditt rennande ned over ryggen
regnet mot vindauget
du står der framfor senga
og det luktar sol av sengetyet
med blomer på står du framfor senga
dette er landstaden du har reist til sidan du var lite
ute regnar det
du seier det blir gode bringebær
du seier det blir mykje makrell
du seier det kjem augepåle
det er for deg eg går gjennom byen no
du snudde deg mot meg der i regnet
i soverommet i sola i blomesenga
strakte handa mot meg sa kom
det er for deg
fordi du hadde små mørke hår rundt brystvorta
fordi kjønnet ditt lukta myr
fordi du lukka auga, og gispa
Merkelappar:Ane Brun, Anna Ternheim, Ellekari Larsson, First Aid Kit, Nina Kinert


desse har kviskra