dette er byen, under huda
renner regnet i rennesteinen
imellom brosteinen imellom linene
under auga i dei blå bassenga
du har sove lite, lille lungårsvann
blåmerkene på knea, brot i handledda
for du er byen, du har hender du har føter
du har runde armen eg kan halde rundt
eit hjarte som bankar
sirkulerer i regn
-
i hendene tar du henne
i hendene i skjegget i skrittet
tar tar tar og dette er mørker
dette er byen, de startar å regne
de har vore i laserlyset, i bassen
har lukka augo pulsen i augelokka
har vore musikk no er det
så deilig stille
pusten hennar i halsgropen
du ser meg
og på veg heim hoppar de
i regnet og eg ser deg
frå trappa eg ser overlippen din
ser knea og leggene
kjenner alle kutta i skinnleggen
kjenner rommet og lukta i sengetøyet
kjenner hendene som hekter av bhen
og ho har raude sko
akkurat passe stor jakke
men kjenner ikkje smaken
din rett etter du har vakna
kor hardt du kyssar
når du kjem, når du går
blir det så stilt, ho veit ikkje
som eg
-
vi pla sitje på trappene
utanfor landmark, på fortauet
nedanfor legal i jeans og skatesko
og eg hadde handa i holet på kneet
på ditt kne, og disse arra
pla raspe under fingertuppane og du
du visste nett kvar eg var mjukast
på innsida av låret
du såg på meg
du rørte lippene
utan lyd
sa du det
du visste det
-
dette er byen
og bileta av oss er over alt
bileta
sigaretter og øl dette er
på rampen i åsane dette er
på nordnes dette er
likefør sola går ned og du
skjegget ditt mot kinnet mitt og
hendene dine mot kaffikoppen
kaffikoppen er kvit på knøderen
hendene dine omkring kaffikoppen
dette er mange år etter
dette er ikkje nok
dette er ikkje nok
dette er ikkje nok


Gratulerer med utgivelsen! Jeg gleder meg til å holde boken mellom hendene. Og i dag kunne jeg og andre lese en fin anmeldelse av boken din i Dag og tid, slik jeg en gang skrev til deg at jeg håpet på å se.
Takk for all rytmen skriften din bringer.
Åh, du er fin. Tusen takk!