å legge seg i elva og la vatne renne over ein
dette som er tida, dette som er verda
å setje seg ned i gata i regnet
å alltid skulle vere her
imellom bladsørpa og sølevatnet
og dei blågrønne brevatnet
det skal kome sludd, det skal kome snø
og is rasande ned frå taket
og eg ville ha sitte her, sett på himmelen
isblå, havblå, breblå
hadde det ikkje vore for dine hender
som heiste meg inn, dro meg opp
til der det er elektrisk lys og varmeovner
og livet også er
der det finnest musikk og ikkje berre lyder
klede og ikkje berre hud
kjærleik og ikkje berre tomheit
og også dette kom frå vatnet
teen du gav, badevatnet du tappa
senka meg ned i for å gje meg varmen
for ògså du er av vatn, også du
er spytt og blod
også dine auge er blå og av vatn
og tårer er av vatn
og vatn er mjukt og vatn er hardt
og alt som finnest er av vatn
og alt eg har er alt du gav
og alt eg miste er alt du tok
måtte orda flyte med deg som dei vil
ned elva for å forsvinne
og kome attende
-
å lese er å gå inn i dei romma
dei romma av tap og sorg som finnest
der i boka, å vere ho, å vere tapet
å vere det, å gje det si stemme
å lese det høgt er å gjere ord til menneske
å gjere fiksjonen sann
å møte den gråten folk gret
å både vere skamfull og stolt
over det du har å skapt
når alt du aldri ville seie snik seg fram
seier eg er skriven
seier eg finnest
seier eg er skapt


desse har kviskra