(kva er din favorittvideo?
redselen syr lippene igjen
med kross-sting
sylvtrå
dagane har gått
tråkla av garde
stadig nye stiller
stadig nye redsler
stadig nye sting
godt du er her då
stryk meg over kinnet
kysser forsiktig
nappar eit sting ut
etter det andre
bles forsiktig på
seier noko tøysete
som får meg til å smile
-
det er ikkje alltid dei vonde tinga som er vanskelegast å skrive om
dei er det gjerne lett å tru på
dei fine er det lettare å tvile på
og skumlare å dele
men de kan få vite det likevel
(eg er blitt antatt! skrekksmil)


Er du blitt antatt, å herregud, så vakkert, kvar, og her er min favorittvideo for tida: http://www.youtube.com/watch?v=o5rhhQbyYV0&a=GxdCwVVULXeQRxmSfqNFUQnxWxRbvNRn
Vakre, smilande forelska folk! Til deg! Væsjego!
Samlaget, smil. Og takk for video. Du er så søt!
DU ER SÅ INDERLEG FLINK! Tenk, den dagen du plutseleg er ekte og seriøs forfattar kan du berre legge deg tilbake på sofaen, slappe av og sjå på denne fine videoen her: http://www.youtube.com/watch?v=QfU-4Y4_akY&feature=related
Gratulerer. Du er talentfull.
Takk! Då gjeld det å vere skikkeleg arbeidssom òg, så blir det kanskje noko av sakene, smil.
Gratulerer! Kva har vi i vente?
Ei narrativ diktsamling. Heilt når ho kjem ut veit eg enno ikkje, for eg arbeidar framleis med ho, men de veit så snart eg gjer det. Smil!
gratulerer, så utrolig flott
Takk!
Storartet! Jeg gleder meg til å lese mer av dine ord på papir.
Å plukke en favoritt-video er vrient, men her er en av de fineste jeg har komt over: http://www.youtube.com/watch?v=uceNZtKZAnc