(kva er din favorittvideo?
redselen syr lippene igjen
med kross-sting
sylvtrå
dagane har gått
tråkla av garde
stadig nye stiller
stadig nye redsler
stadig nye sting
godt du er her då
stryk meg over kinnet
kysser forsiktig
nappar eit sting ut
etter det andre
bles forsiktig på
seier noko tøysete
som får meg til å smile
-
det er ikkje alltid dei vonde tinga som er vanskelegast å skrive om
dei er det gjerne lett å tru på
dei fine er det lettare å tvile på
og skumlare å dele
men de kan få vite det likevel
(eg er blitt antatt! skrekksmil)


desse har kviskra