Arkiv | februar, 2010

fine, fine sundag

28 Feb


(her er alle min sundagssongar!)

eg elskar sundagar då ein vaknar opp med rester etter menneske og kjærleik i huset
sundagar der ein står opp kjempeseint men der ein lister seg likevel
av di nokon kanskje framleis søv

der ein kan lage seg ein heil kanne med te sjølv om ein er åleine
av di sundagen er endeløys
full av sundagsmusikk
og fine ord

har du ein fin sundag?

sundag, smil

28 Feb

vaknar opp i eit hus det har vore ein fest
med flaskar og boksar
raudvinsrestar i glas og eit par
glasbrot

sjokoladekakesmuler under stovebordet
for til hybelkaninane

litt rosevin
som sprudla i går
saman med dei menneska
som no ligg og sov

tapt og funne

25 Feb

eg fann ei bok på biblioteket i dag
kanskje ikkje så underleg
men det var ei bok eg hadde søkt etter
men som var tapt

likevel då eg sto der
framfor hyllene
og eigentleg leita etter noko anna
sto ho berre der
på ein litt anna plass
enn ho skulle stå
og eg tok boka med til bibliotekaren
og ho smilte og takka
for at eg hadde funne ho
og eg sa at ho sikkert hadde vore der heile tida
men at ingen hadde sett ho
og at ho hadde stått der nesten på riktig plass
vore der og vore borte
på same tid

ville du gjort det igjen?

24 Feb

når du går ut døra
vil du attende
til rommet du går ut frå
når du sovnar om morgonen
sørgar du over natta som var
at ho er slutt
lengtar du etter ei ny
sørgar du over å sove

når du bryt blikkontakta
med han som går forbi
med store brune auge
angrar du
når du ser opp
og han er borte
i mylderet av menneske

kunne du velje, ville du gjort det heile igjen? levd livet som det har vore?

det skal bli sumar

21 Feb

med masse raude jentetær
spisse og runde
kne
lange og korte skjørt
grøne eller blå
bølgjande rundt
enno bleike
jentelår

jordbær
sjampanje
kvitvin
sorbé

ser dei på

dei oppkneppa
skjortebrysta
enno kvite
nye svarte hår
ei sveittedrope
eller to under
kragebeinet

handledd
som strammar seg
om rakkertar

to menn som begge vil vinne

øl
røyk
grønske
cider

hovudet på brystet hans

19 Feb

vi snakkar om tida
for telenor hadde reklame
om å ikkje gå glipp av noko
med mobilt breiband
og sondre ringte nett
og hadde nesten gløymd ølsalet
av di han spelte civ
og styrta avgarde
med vinterstøvlar
og tenkt på sumar
når ein ikkje treng støvlar
og tenkt at faen
eg går jo med støvlar då og
vi snakkar om tid
typisk vi ligger på sofaen
og har drukke ein del vin
eg er rastlaus
vil sjekke
facebook
hotmail
webmail.uio
bloglovin
db.no
ap.no
kva skjer i ol

medan eg sjekkar
sovnar han
når eg har sjekka
tenkjer eg berre på dette

hovudet mitt låg på brystet hans

laurdag og snart vår

13 Feb

alt som gjer meg glad:

- å få sola på nasen medan eg ventar på bussen og høyre fuglesong
- i innsjå at det er første gong på lenge eg høyrer fuglesong
- at det er første gong på lenge at eg har hatt sola på nasen i den dumpa busstoppet ligg
- vetlesøster s på fire år som møter meg på flyplassen med perlepusla hjartet, bursdagsmuffins og bursdagsgåva ho har fått av meg av men enno ikkje opna
- å gå opp på fløyen med ei fin lita mus som er både tøff og slapp og heile tida må lokkast med kakao og vaffal på toppen
- å sitje i sola på fløyen og sjå at ho er ganske høgt oppe sjølv om klokka er tre
- å fyke ned svingane med søster kvinande mellom beina
- å få snøen virvlande opp i andletet
- å kome heime med raude kinn og ete skiver
- ta seg ein dusj og kjenne det varme vatnet som renn ned over rumpa som er kald etter all rumpeakebrettakinga
- å etterpå skrive rumpeakebrettaking
- å vite at det snart blir ol-sjåing i sofaen hos mamma

og sist men ikkje minst, å vite at det blir lysare og lysare. eg har gleda meg lenge til det blir vår. g forstår ikkje korleis eg kan glede meg til det blir vår. for det blir jo vår kvart år seier han. men det er jo nett det seier eg. det er jo kjempefint å glede seg til våren for våren kjem alltid, og det er jo supertfint. og i går kjøpte eg meg ein småblomstra stilongs og eg elskar småblomstra klede, så det er ganske det siste:

- å vite at det snart er klart for å ta på seg blomstra sommarkjolar, til dømes ein av desse:

kva gjer deg glad på ein laurdag? kva gler du deg til?

ville du gjort det igjen?

11 Feb

han er gått
snart skal eg gå

kjøkenet fullt av nybrukte glas
ein pakke salami på kjøkenbenken

eg har ikkje pakka
eg skal ikkje dra
eg har ikkje pakka

han er ikkje gått
eg skal ikkje gå
han er gått, er han

-

kan eg dra
utan å ha rydda
utan å ha teke farvel
utan å skulle kome attende

kan eg dra

-

vil du gå
ta på deg skoa
snøre igjen snøra

vil du gå
slenge jakka på
dra opp glidelåsen

vil du gå
dra lua over øyrene
slenge skjerfet rundt halsen

vil du gå
opne døra utan å snu deg

vil du gå
trakke oppover vegen

vil du gå
setje deg på trikken

vil du gå
gløyme å kjøpe billett

vil du gå
gå fram til føraren

vil du gå
fram for å betale

vil du gå
attende til plassen din igjen

vil du gå
se ut or vindauget

vil du gå
sjå byen strøyme forbi

vil du gå
av på torshov og ta bussen til sagene
av på storo og ta t-banen til nydalen
eller heilt til majorstua
eller vil du ta banen ned til sentrum og setje deg
på eit tog
det til gøteborg til dømes
som går klokka eitt

-

eg har ikkje tid til å skrive, eg må pakke
eg har ikkje tid til å vente
du er gått
eg må gå

kjem eg?

10 Feb

(har du spootify? då tykkjer eg du skal høyre på denne songen, The Brothel, av Susanne Sundfør, som er noko av det mest nydeleg eg har høyrt på, på lenge.)

-

when you gonna make up your mind, when you gonna love you as much as i do synger tori amos i winter og eg har nokre av dei dagane der eg ikkje klarar å bestemme meg for noko og lar alle andre gå å lure p kva det er eg kjem til å gjere når eg kjem til å bestemme meg kjem eg, kjem eg ikkje?

i hear a voice you must learn to standup for yourself, cause i can’t allways be around seier faren, i same song, og eg har dagar der eg ikkje klarar å “stand up for myself”, der eg ikkje klarar å seie, nei, eg kan ikkje kome på det møtet, nei eg kan ikkje kome på festen, nei, eg kan ikkje kome til bergen eg seier berre

kanskje
kanskje
kanskje

vi får sjå

eg får lyst til å lyge, lyge til verda
seie eg er sjuk, eg har fått svineinfluensa
no, ja, eg veit det er seint, ja rart
men du, eg må vere inne ei veke, staten har forbode meg
å gå ut
så eg kan ikkje kome
dessverre
på møte
eller fest
eller besøk
førelesing
kafé
kollokvie

men så har eg ikkje svineinfluensa. berre litt lyst til alt. og krefter til berre litt, i motsetnad til før, der eg ikkje hadde krefter til noko. men no har eg ein milliard lite lyst til å seie nei til nokon. eg hatar verkeleg å seie nei til nokon. men det må til, må det ikkje?

-

g har kjøpt ny orkide. når eg kom heim berre sto han der, på pulten min, ein kvit dendrobium og blomstra med tusen blomar. eg blir så glad, det er så fint. så sjukt heldig eg er som kan ha tulipanar og tusen kvite blomar på pulten min.

Eg har starta ny blogg –> Milliardar av mennske imellom!

10 Feb

Hei alle!

Eg tenkte eg ville dele noko fint med dykk: Eg har nemlig starta ny blogg! Eg er blitt duo-bloggar. For eg skal ikkje slutte med denne altså. Eg skal berre ha to, stormannsgal som eg er.

Den nye bloggen heiter Milliardar av menneske imellom og er ein litt meir sakleg blogg. Eg skriv jo om sakar her òg forsåvidt, men eg ønska meg ein blogg der eg kunne skrive lengre, meir drøftande tekstar. Og det har eg fått no! Så langt er det berre kome ein tekst der (men den er i tillegg ganske lang til bloggpost å vere). Det er ein tekst om gale kvinner i litteraturen, og korleis desse typisk blir framstil som musestille, forsiktige jenter. I motsetnad til dei rablande, stormannsgale eller psykopatiske mennene. Eg lurer litt på kvifor det blir sånn. Om du vil lese meir om det, kan du klikke deg inn her.

Så hurra for i dag, for ny blogg er fint. Korleis har de hatt det? Har det hatt ein fin dag i dag?

Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.

Join 513 other followers