smells like old times, new times, sometimes

november 6, 2009 av grapecityjuice

tori amos sang smells like teen spirit i 92
to år før kurt cobain skal døy og eg
skal høyre smells like teen spirit i 2002 då
eg er tretten år, etter det
skal eg sluke alt av nirvana, kor som helst
kva tid som helst, på bussen i regnet og mørkret
på veg heim, i senga, før eg sovnar, på veg til skulen
bakarst i klassen, i timen, medan eg ser ut vindauget

eg kjem ikkje til å høyre tori amos sin versjon før etter sju år
hausten to tusen og ni
men då skal eg høyre på konsertopptaka hennar frå 1992
montreal, eg skal høyre dei, eg skal sjå dei, skal sjå korleis ho
tori sleng på det store raude krølla håret, myser med auga og trutar
er full av faktar korleis ho rullar med overkroppen
og på ein eller anna måte fyller songen
med smerte og lyst, lyst på smerte
svelt, sug

tørste, eg skal kjenne

dei små sveittedropane på kragebeina hennar
opne sittestillinga, dei spreidde bein
rosa lippene
som opnar seg, lett

ho pustar
mot mikrofonen

det går sju år mellom hausten
eg høyrer på nirvana
hausten eg høyrer på amos
sju år går

ein ordentleg post om snø, eller

november 5, 2009 av grapecityjuice

i går hadde eg tatt på meg regnfrakken eg har fått av mamma, som er besj med små stjerner i refleks ser det ut som, men dei glinser ikkje i lyset, så det er nok ikkje refleks. eg hadde på meg dei grøne vikingstøvlene mine, som ikkje er hunter eller noko anna merke, men berre er vanlege grøne sjøstøvlar frå bergen, og blå alpelue hadde eg, og eit blått silkesjerf og eit litt brunare besjt skjørt enn jakka og litt lysare brun strømpebukse, og eg gjekk ute, og det var kaldt, og det byrja å snø, og eg tenkte dette er feil, eg passar ikkje her, kvifor har eg kledd meg for regn, og om det skulle vere så viktig, eg var jo kanskje fin om ikkje heilt varm nok, men kva kan vel vere varmt nok første gongen det snør og det bles, men du veit, det snør, du er ikkje klar og det som skulle vere magisk, det blei ikkje sånn

det snødde, og då vi skulle legge oss tenkte eg på ein annan gong det snødde, då vi låg i vestre torggate i bergen på ei 90-seng og han sov, og det var på natta og eg var vaken, og snøen falt mjukt og eg hugsar at eg tenkte eg skulle ønske eg var snø, at eg kunne falle så lett ned over deg og dekke deg, på ein så mjuk og god måte, og eg låg ved sida di den natta, så ut på snøen som falt mjuk og høyrte hjartet ditt slå, og det slo lite og forsiktig og fort, som eit musehjarte; men i snøen blir alt litt stillare så eg høyrte det, eg kjente det gjennom huda heilt ut i armen din som eg hadde under halsen min

det snør, vi legger oss og eg tenkjer at det er lenge sidan du har sagt at du elskar meg
og eg veit ikkje at du kjem til å seie det i morgon
at du kjem til å hoppe over meg når vi et fruksalat til frukost, og seie det
eg elskar deg

sidan eg ikkje veit det, og sidan det snør
blir stilla di akkurat litt meir rungande, det blir
litt kaldare og eg tenkjer
er det vinter, allereie
er eg klar

snøen er daud, leve snøen

november 5, 2009 av grapecityjuice

det snør, kvart år snør det og kvart år så smeltar snøen, det året, eller året etter. likevel snør det og ein må skrive om det, kvart år skriv ein om det, snøen, at snør, no snør det, nett no, det har snødd, for første gang har det snødd, i år, det har snødd. ikkje veit eg om det er av di vi alle likar snøen, eg veit ikkje om eg likar snøen, i alle høve ikkje heile tida, eg likar han til dømes ikkje så godt når han er brun i gata på grunn av alle bilene og nærast ikkje ser ut som snø, kanskje meir som ein leirete og våt, veldig våt sand. eg likar heller ikkje særleg godt snøen når han held på å smelte, når heile byen er full av materielt vatn som ein kan trakke nedi på kva for tidspunkt, som når som helst og heile tida; det er faktisk ikkje til å unngå. eller når den halvsmelta snøen får ein eller form for angst for transcedensen og finn det for godt å bli liggande, halvsmelta og frys igjen, så det blir gladt og alle som ein stavrar seg fram som eldre kvinnelege dådyr. det er lett å spørje seg, likar eg eigentleg snø?

snøen er ikkje til å kome bort i frå. dette kunne jo forklare kvifor alle skriv om han. det er likevel ikkje dette, at han ikkje er til å kome bort i frå, angsten ved å vere underlagt naturen vald, år etter år, dei fleste skriv om, og det er heller ikkje difor det poppar opp blogginnlegg om snøen som mugg i kjøleskapet etter ferien etter det har snødd, før første gong. nei, det er ikkje angsten, for den første snøen berr snør, for så å smelte bort, utan å etterlate seg noko på bakken. skjønt, han etterlet seg nok noko, likevel. draumar, minner om alle dei andre gongane ein har sett det snø, der ein har vore inne og tent i peisen, eller som då ein var born og det hadde regna heile desember og ein såg dei snøflaka falle på kvelden før kvelden. kvifor denne draumen om snø?

kanskje er det så enkelt av verda blir kvit, rein. og vi kan gå ut i ho og sette våre første spor, på ny og på ny. kvart år, kvart snøfall. og vi kan glede oss, endeleg, endeleg er vinteren her.

og kva skulle vi elles gjere? snøen er daud, leve snøen.

rom

november 3, 2009 av grapecityjuice

eg gjer plass til deg i senga
når eg veit du skal kome
om natta

då vrir eg meg inn
under vindauge, inn
mot veggen, vrir eg meg
så lakenet bølgjer rundt meg
og det blir som eit rede, her eg ligg

og ventar på deg

-

eg elskar stig sæterbakken. eg har enn ikkje tørt å lese noko av det han har skrive, men det er uansett ikkje bøkene hans eg elskar, det er han.

kanskje er det ikkje han, ikkje han som menneske. om eg såg han på gata ville eg aldri kunne seie, hei, stig, eg elskar deg. eg ville etter alt sannsyn ikkje seie noko i det heile, sjølv om eg har snakka med han før. kvifor skulle eg seie noko, kvifor ville han hugse meg? folk hugsar ikkje kvarandre. men eg hugsar stig, eg hugsar stig sæterbakken. kanskje ikkje som menneske.

eg elskar stig sæterbakken. mannen er eit vandrande dikt. eg elskar korleis han ber sin grånande tragedie utanpå kroppen, vakenettene under auga. korleis han kler seg i mørk blazer eller skinjakke og korleis eg kan sjå han føre meg høyrande på post-punk og new wave i det blå lyset frå pc-skjermen når han skriv om natta. ser eg han på gata tenkjer eg, kvar er du på veg stig, eller frå kven, og eg kan sjå han føre meg i det han legg handbaken mot døra i det han dytter ho opp, eg kan sjå han gå ut av det som er ein vidopen gulmåla dør og eg kan sjå ho, som står bak; kanskje med langt brunt hår, med hendene hengane ned langs sida, av di det er det einaste ho kan gjere; stig går.

stig går. han går og let døra slå igjen, han går og let ho stå igjen på innsida av døra, seinare skal han kanskje hente dei få tinga han hadde liggande der som er vert å gå attende for å få tilbake; ein new order plate, kanskje. og kanskje er det ikkje berre for å få plata attende, kanskje er det for å sjå ho, med raude renner under auga og armane framleis hengande ned langs sida, og der, når han ser ho stå der heilt stille og berre sjå på han, med armane hengande, vil han kanskje gå bort til ho, vil han kanskje gå heilt nær og medan han lurar på kva han skal seie vil han kjenne ein kraftig impuls til å legge hovudet i nakkegropa hennar; å kapitulere, å falle attende til nærleiken, til ho, å bli eit, å forsvinne. i eit minutt eller to står han der og vurderer det, han står der og ser på haka hennar og nakkepartiet medan han bit seg i lippa og i det han skal til å skifte vektbalansen i kroppen snur ho seg, ho snur seg og går, men han har allereie sett i gong rørsla og er på veg framover, så det blir eit skritt fram før han snur og igjen legg handflata mot døra. denne gongen står ho med ryggen til, og det gjer liksom alt endeleg, han veit han ikkje kan gå attende fleire gongar, ho har snudd ryggen til, han skulle ikkje ha kome, det var betre sist, sånn det var, då ho sto der, liksom litt tafatt, med hendene hengande ned langs sida.

så skal du skrive. og eg ikkje tørre å lese. men eg skal sjå deg, gong etter gong skal eg sjå deg, springande med litt for tilstreva lette steg opp på scena, der du skal lese, og eg skal høyre deg, den mørke basstemma di i det du skal lese, eller fortelje, for det er sånn det kjennest, du skal fortelje til oss, til meg.

attende

november 3, 2009 av grapecityjuice

hovudet mitt er ikkje heilt i laget for tida. når det blitt trøyt og sliten har det ein lei tendens til å rote med røynda, så eg kan kjenne meg sikre på dei merkelegaste ting, som det eigentleg verkar umogleg å forklare til eit vanleg menneske. døme? som at tida finnest inne i boka, tida og verda og karakterane, som om boka var klesskapet i den første narniafilmen, at det finnest der inne, at om eg opnar boka kan eg falle ned i tida, og forsvinne. eller som når eg heng seg så opp i eit ord at det blir meiningslaust, så eg ikkje klarar å lese vidare, fordi orda plutseleg har blitt så ustødige og relative at dei ikkje meiner noko, eller, det er i det minste ikkje for meg.

sånn kan eg sitte på stranda, eg kan sitte å lese, eg kan sjå boksida eg held på med, sanda nedanfor, eg kan høyre latter og bølgjene som slår inn mot land, og kjenne sola stråle mot panna. og med eitt er det som ingenting henger saman, orda står ikkje verkeleg på sida, dei heng ikkje fast, har ikkje noko med ho å gjere, før dei nærmar seg komplett uforståeleg, latteren og bølgesuset, det heng ikkje saman, det kjennest ut som om eg står, på eit museum, i ein instalasjon, der eg kan sjå bokstavar i tre ligge strødd ut over eit bilete av ei bok og ein meter bak boka eit bilete av sand, frå ein høgtalar til venstre lyden av barnelatter, til høgre lyden av bølgjeskvup, ingenting heng eigentleg saman. og ser eg opp mot fjella så er det som om dei vilkårleg er klistra opp på ein tavle, som om dei er limt på ein kollasj, dei grøne fjella mot himmelen, som eit litt dristig val.

då er det beste ein kan gjere å legge seg i sofaen, lese dikt og romanar medan ein drikk te, eller høyre på susana and the magical orchestra og la melankolien gjennomsyre, for melankoli er kvile, og det er ein trygg, trygg stad å vere medan ein ventar på at hovudet skal blir bra, at ein skal kome attende.

fortid

november 3, 2009 av grapecityjuice

eg frys ned smilet ditt
så eg kan lukke auga
å sjå deg

det skeive smilet ditt
fleire novembre etter

framleis med mellomrom
mellom fortenna

frys du
er du kald

kan du få mitt sjal
rundt halsen

heim,

november 1, 2009 av grapecityjuice

eg kjem heim med lufta
forsiktig bitande i kinna
brennande kald i nasen
første dag i november
sit ein mann
i eit lyst kjøkenvindauge
i det eg går ned bakken
frå trikkestoppet

ferd

oktober 23, 2009 av grapecityjuice

i kveld skal eg reise
så eg viskar bort alle spor

samlar tinga mine
tørker bort fingeravtrykka

om alt kan vere
kvite flatar

om det kan vere plass
til deg

rein sorg
reint sakn

og alt mitt fråver

god morgon,

oktober 22, 2009 av grapecityjuice

med grøn te og knekkebrød med brunost

bli

oktober 19, 2009 av grapecityjuice

eg drøymer om
hendene dine

dei strekkjer seg opp
mot lyset

fingernaglane dine
små som rusk

bles avgarde
med vinden